Elevmentor: Viktig for trivsel og tilpassing for nye elevar. Foto: Stryn vgs.

Elevane blir sett og tatt vare på

– Kvar morgon står vi i døra og ønskjer elevane velkomne med eit smil og eit «god morgon». Det å føle seg sett gjer noko med oss alle, seier miljøkoordinator Therese Dispen ved Stryn vidaregåande skule

Det vert lagt stor vekt på varetaking av elevar, både hybelbuarar og heimebuande, ved skulen. Team for elevteneste med helsesjukepleiar, rådgjevarar, miljøkoordinator og miljørettleiar er til dømes tilgjengeleg for samtaler og støtte for elevane til ei kvar tid.

Elevmentorar

– Innleiingsvis i året har vi stort fokus på klassemiljø. I framkant av skuleåret har vi utdanna elevmentorar som er med på å ta i mot dei nye elevane. Desse mentorane er elevar som har søkt om å få oppdraget, dei gjekk sjølve på vg1 året før, og kjenner såleis til ein del av problemstillingane knytt til det å vere ny på ein skule. Vi har 2–3 mentorar per klasse, fortel Dispen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse er med frå første skuledag. Dei tek i mot dei nye, viser dei rundt og gjennomfører Bli kjent-aktivitetar i klasseromma, og fungerer som ei god støtte saman med kontaktlærar. Klassen dei har fått ansvar for skal dei følgje opp gjennom heile skuleåret, gjennomføre klassebesøk med ulike tema og vere tilgjengelege for spørsmål og gje råd.

Bli kjent-dag

Fredagen i første skuleveka er ein merkedag ved Stryn vidaregåande skule.

– Då har vi Bli kjent-dag for heile skulen. Då handlar det om skulemiljø og det å bli betre kjent på tvers og utanfor klasserommet, fortel miljøkoordinatoren.

– Her er alle engasjert og i sving. Vg3 organiserer kjekke samarbeidsaktivitetar, mentorar og kontaktlærarar følgjer klassane rundt om på stasjonar og tilsette grillar og serverar god mat og drikke. Denne dagen er den beste avslutninga på ei elles så hektisk første skuleveke.

Elevstyrt skule

Skulen har desse tilboda: Bygg- og anleggsteknikk, Tømrar og betongfag, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Kombinasjonsklasse, Sal, service og reiseliv, Teknologi- og industrifag, Transport- og logistikkfag, Studiespesialisering og Landslinje i skiskyting.

No er det snart duka for vårens største eventyr ved Stryn vgs.: Elevstyrt skule.

– Dersom du sit i elevrådsstyret ved Stryn vidaregåande skule betyr det at du utgjer leiinga av elevstyrt skule. I to dagar leier elevane skulen heilt åleine, fortel miljøkoordinatoren.

– Dei tilsette reiser bort. Vg3 studie og vg2 yrkesfag er då ansvarlege for å undervise, drive kantine, reinhald og drift – alt som høyrer med i ein skulekvardag. Og dei er så dyktige!