Det heilelektriske flyet Beta Alia landar på Florø lufthamn.

Elektrisk fly landa i Florø

Eit heilelektrisk fly landa torsdag på Florø lufthamn som del av Noregs internasjonale testarena for null- og lågutsleppsluftfart.

Publisert

Flyet, Beta Alia frå BETA Technologies, har sidan august vore brukt i eit testprogram der pilotar frå Bristow Noreg har floge ei fraktrute mellom Stavanger og Bergen. Besøket i Florø er lagt til slutten av prosjektperioden og skal vise operativ fleksibilitet, mogleg bruk på mindre lufthamner og at teknologien fungerer på ulike rullebanelengder, skriv Avinor i ei pressemelding.

– At eit elektrisk fly er på besøk i Florø, viser at denne teknologien kan fungere òg på regionale lufthamner, seier konserndirektør Karianne Helland Strand i Avinor i pressemeldinga.

Avinor meiner Vestlandet, med krevjande topografi og lange reisetider på land, kan vere særleg godt eigna for elektriske fly. Slike fly er venta å bli tekne i bruk i frakt før passasjertrafikk, truleg mot slutten av tiåret, dersom regelverk og sertifisering kjem på plass.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS