I vinter blir elavgifta kutta med seks øre. Foto: Tor Richardsen/NTB/NPK.

Elavgifta blir redusert med 6 øre

Elavgifta blir redusert frå 15,41 øre per kWh til 9,16 øre per kWh med verknad frå årsskiftet og ut mars 2023.

Stortinget vedtok den nye lågare vintersatsen for 2023 tysdag.

Eit hushald som brukar 3.000 kilowattimar månadleg i dei tre vintermånadene, vil spare nesten 190 kroner månaden på den nye elavgifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er den årstida då dei fleste av oss brukar mest straum. Med dei høge straumprisane vi har hatt det siste året, meiner regjeringa det er rett å ha redusert elavgifta i perioden januar, februar og mars 2023, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i ei pressemelding.

Reduksjonen i avgifta gjeld både hushald og bedrifter.

– Redusert elavgift kjem i tillegg til straumstønadsordninga frå staten, som er blant Europas beste, og som allereie tek ein stor del av straumrekninga når spotprisen overstig 70 øre per kWh. Samla gjer desse grepa at folk kan møte vinteren med tryggleik om at staten tek ein stor del av straumrekninga, seier Vedum.

(©NPK)