Eit overtramp

Vi trudde faktisk ikkje vi skulle oppleve slikt i vanleg fredstid. Krigsforbrytarar og kriminelle vert ikkje forfølgde slik pelsdyrbønder blir i landet vårt for tida. At statskanalen NRK har spelte på lag med kjende dyrevernsekstremistar har vi sett før, men at dei denne veka kunne presentere ein såkalla dokumentar laga på premissar vi ikkje har sett maken til i den verste sak, hadde vi ikkje trudd var mogeleg.

Og la det vere sagt heilt uavhengig av kva syn ein elles har på pelsdyrhald. Kor i alle dagar har det vorte av elementære krav til journalistisk etikk og objektivitet i statskanalen? Tenk kva ramaskrik det hadde vorte om ein tilsvarande film hadde vorte laga av pelsdyrfolk for å skape mest mogeleg positivitet i næringa og så sendt i beste sendetida til NRK! No burde dei faktisk fått gjort det, for å få ein viss balanse i framstillinga av ei stor næring som har eksistert i hundre år og utnytta avfall til klede og verdiskaping for landet. At stortingspolitikarar vil legge ned heile næringa utan ein gong å ha sett beina i ein pelsdyrhage eller høyre på næringa sine interesser som vanleg er for alle andre, fortel berre om kor effektivt slike hetskampanjar kan vere.

Les heile leiaren i papiravisa fredag.