Nordfjordbrua-Lote Anda.

- Eit gjennombrot for ny bruteknologi

- Transportkomiteen på Stortinget si innstilling om ny Nasjonal Transportplan er eit gjennombrot for ferjeavløysing og ny bruteknologi. No blir det for fyrste gong gitt ein «marsjordre» frå Stortinget om å starte pilotprosjekt med å bygge bruer enklare og rimelegare enn i dag.

Det er viktig for å kunne byggje Nordfjordbrua Lote-Anda og andre samfunnsøkonomiske lønsame ferjeavløysingsprosjekt på Vestlandet.

Det seier styreleiar i Nordfjordbrua Lote-Anda, Alfred Bjørlo (ordførar i Eid). 


 
– Eg er også glad for at Stortinget presiserer at det skal reknast 40 års ferjeavløysings-periode på bruer som erstattar riksvegferjer, på same måte som for ferjeavløysing på fylkesvegar. Dette er også ei sak vi har arbeidd for å få endeleg avklart, og dette har no Stortinget gjort, seier Alfred Bjørlo.
 
Kommunane Eid og Gloppen legg denne veka ut på høyring Kommunedelplan for brukryssing Lote-Anda. Eitt av alternativa i denne planen er ei flytebru med den type ny bruteknologi som Stortinget no ber om at ein får fram pilotprosjekt på.

Lote-Anda er i dag det tredje største ferjesambandet i Sogn og Fjordane, og har eit stort potensiale som ferjeavløysingsprosjekt uansett framtidig trasé for E39 gjennom Nordfjord.  Frå nyttår vil sambandet bli trafikkert med to ferjer og 20. minuttsavgangar, noko som vil auke trafikken på sambandet ytterlegare.
 
– Vi vil no halde fram samarbeidet vi har etablert med andre bruselskap på Vestlandet om å få raskt fram dei første pilotprosjekta for bruer med ny bruteknologi.

– Eg har klare forventingar til at dei politiske partia før stortingsvalet i september avklarer at dei støttar rask realisering av Lote-Anda som eit ferjeavløysingsprosjekt, og vil arbeide for å få raskt fram pilotprosjekt med ny bruteknologi frå statleg hald, seier Alfred Bjørlo. 

Alfred Bjørlo. (Arkivfoto)