Ein innlagt med covid-19 i Helse Førde

Ein pasient vart fredag innlagt på Førde sentralsjukehus med påvist koronasmitte.

Vedkomande ligg på medisinsk sengepost, og er den einaste pasienten i Helse Førde sitt område som ligg på sjukehus med covid-19.

— Om nokon i Helse Førde blir smitta av covid-19 og treng medisinsk behandling, blir dei innlagt på Førde sentralsjukehus. Per i dag har vi ein pasient inne, seier kommunikasjonsrådgjevar i Helse Førde, Per Marifjæren.