I motsentning til mange andre fruktdyrkarar melder Daniel Arnestad Dyrnes om tilnærma normale avlingar.

Ein flott haust berga frukt-avlingane

I motsetning til mange andre melder Daniel Arnestad Dyrnes om nesten normale fruktavlingar. Han leigde inn bikuber for å få fart på pollineringa.

Heilt sidan i vår har det lege an til å bli eit relativt dårleg fruktår. Det er det også blitt, men ikkje alle plassar. Det er Daniel Arnestad Dyrnes bevis på. Han melder om nesten normalår.

Bikuber
Og hadde det ikkje vore for ein strålande september og ein fin oktober, kunne det gått mykje dårlegare.
Daniel trur det er fleire årsaker til at avlingane trass alt vart så bra. Ei av dei er at han leigde inn tre-fre bikuber for å få fart på pollineringa. Biene gjorde jobben.

Innvik Fruktlager melder om 30-40 prosent mindre frukt enn dei hadde planlagt for. Dagleg leiar Henriette Hatling Skåden fortel at kvaliteten på epla er god, men at storleiken er mindre.


Les meir i onsdagsavisa