Mariel Eikeset Koren. Arkivbilete.

Eikeset Koren på 2. plass

Nominasjonsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane har plassert Mariel Eikeset Koren frå Gloppen på 2. plass på lista til stortingsvalet til hausten.


Eikeset Koren er einsleg MDG-representant i kommunestyret i Gloppen inneverande periode.

Stein Malkenes frå Florø toppar lista, Marius Dalin frå Førde står på 3. plass.

I ei pressemelding skriv partiet at dei håpar å få inn ein kandidat frå fylket på Stortinget etter valet.