Eid-ordførar Alfred Bjørlo, Venstre, er strålande nøgd med at det no vert midlar til planlegging av Sandane-Byrkjelo. Arkivfoto

- Ei julegåve til heile regionen

Eid-ordføraren jublar. Unison politisk glede.


Dagens nyhende om at Stortinget vil ruste opp E39 Byrkjelo-Sandane er ei lenge etterlengta julegåve, seier ein glad ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

- Frå Eid kommune si side har vi stått skulder ved skulder med Gloppen i kampen for å kome i gang med opprusting av E39 Sandane-Byrkjelo. Dette er den dårlegaste delen av heile E39 mellom Bergen og Ålesund, og er i dag eit hinder både for dagleg pendling og næringstransport i heile regionen, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

- Med dette vedtaket er det håp om at dei verste flaskehalsane på strekninga kan vere borte om lag samtidig med at det blir 20-minutts avgangar på E39 Lote-Anda frå 2018. Dette betyr ein lettare kvardag for folk og bedrifter både i Gloppen, Eid og heile regionen elles. Dette er ei av dei beste nyhenda vi kunne få for å skape vekst og utvikling i Nordfjord, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo

Ber regjeringa prioritere

Strekninga blant dei som er i dårlegast stand på dagens E39, og det har lenge vore eit politisk krav å ruste opp vegen. Dette har vore tema i budsjettforhandlingane i haust, og onsdag konkluderte omsider Stortingets transportkomité med at strekninga må rustast opp.

Vedtaket i komiteinnstillinga lyd slik: «Komiteens flertall har merket seg behovet for utbedring av strekningen Sandane-Byrkjelo på E39. Flertallet ber regjeringen arbeide for at planarbeidet ferdigstilles slik at utbedringen av flaskehalser kan igangsettes. Flertallet ber regjeringen vurdere å prioritere midler til planlegging av prosjektet».

Unison glede

Dei borgarlege samarbeidspartia er svært godt nøgde med vedtaket.

- Dette har vore ei prioritert sak for Sogn og Fjordane Venstre i budsjettarbeidet i heile haust, og vi er svært nøgde med vi no ser ut til å kome i mål. Det er mykje trafikk på vegen, men den er samstundes ei av dei dårlegaste strekningane på E39. Utbetring er viktig både for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

- Dette er ei vegstrekning KrF har jobba for lenge, og det er viktig å få ho utbetra sjølv om E39 - trasseen vert lagt om. Lokale KrFarar i Gloppen, med gruppeleiar Svein Ottar Sandal, har vore sterke pådrivar. Vegen er viktig for regionalt samarbeid, næringslivet og tryggare ferdsel, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.


- Eg er glad for at det no blir lagt til rette for å planlegge og utbetre av flaskehalsane på E39 mellom Byrkjelo og Sandane. Dette vil også bli ein viktig tilførselsveg til framtidig E39 gjennom Sogn og Fjordane og standarden her er alt for dårleg. No blir det viktig å samle kreftene slik at ein også får planlagt dei andre strekningane på E39 både lenger sør og mellom Byrkjelo og Grodås for å halde stort tempo i vegbygginga i Sogn og Fjordane framover, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

- Eg er svært glad for att medlemmene i transportkomiteen har blitt einige om å starte arbeidet med å ruste opp. Dette er ein vegstubb som har vore nedprioritert av føregåande regjeringar som no blir ein realitet.Eg har vore tydeleg overfor Frps folk i transportkomiteen og samferdsledepartementet at her må ei oppgradering til før det skjer ei ulykke, seier Lars Sven Drabløs, fylkesleiar i Frp.



--