Trass i sjukdom gler Olav Søreide seg over alt som veks i kjøkkenhage og drivhus. – Det har vore ein fantastisk sommar, og eg har vore mykje i ute. Eg har ei klar overvekt av gode dagar, seier Olav Søreide.

– Eg har eit godt liv trass alt

 

Like før jul i 2015 fekk Olav Søreide vite at han hadde kreft i tjukktarmen. I juni i fjor viste bileta spreiing til lever og lunge. Frisk blir han ikkje, men behandlinga han får er livsforlengande. – Nokre dagar er krevjande, men eg har eit godt liv trass alt, seier han.



I desember for snart tre år sidan var Olav Søreide til ein rutinesjekk hos fastlegen. Ei blodprøve viste at han hadde låg blodprosent og mangla jarn.

Optimist etter operasjon

– Legen kalla meg inn att og ønskte å sjekke dette ut. Det vart teke diverse prøver, og 21. desember vart eg sendt vidare til sjukehuset i Førde. Då vart det funne ein svulst i tjukktarmen. Det var eit sjokk, men vi reiste heim og feira jul slik vi brukar å gjere. Tidleg i januar vart eg operert. Då fjerna dei svulsten og ein del lymfeknutar som låg like ved. I nokre veker etterpå var eg ganske dårleg, men eg var for så vidt optimist då, fortel 67-åringen, som hadde vore pensjonist i vel to år då han vart råka av sjukdom.

Legane hadde fjerna det dei skulle, men dei kunne ikkje garantere noko. Difor sette dei i gang ein kur med cellegift som skulle gå over eit halvt år, med behandling to dagar annakvar veke.

– Då eg avslutta kuren i august, kunne dei ikkje finne noko teikn til kreft i systemet mitt, seier den tidlegare læraren og rektoren ved Gloppen ungdomsskule.

Var ikkje opprådde

På kontroll eit halvår etter, i juni 2017, viste derimot bileta spreiing til lever og ein liten flekk på lunga.

– Hadde dette vore for vel ti år sidan, ville kampen vore tapt. Det har heldigvis endra seg. Legane var ikkje opprådde, og for mitt vedkomande vart det ny operasjon i fjor haust – denne gongen på Haukeland. Eg måtte gjennom tre operasjonar, og det var forholdsvis harde tak. Eg vart ganske kraftig redusert. Samtidig låg otten for at dette likevel ikkje skulle vere vel nok, fortel Søreide.

Legane og sjukepleiarane på si side formidla optimisme.

– Dei hadde den innstillinga at dette skal gå bra. Etter at eg kom heim i oktober, prøvde eg å byggje meg opp att. Eg gjekk til fjells og var aktiv. Eg kom meg ganske raskt fram mot jul, og hadde ei fin julefeiring igjen.

Måtte ta pausar

I januar i år var det tid for ny CT.

– Eg hadde alt fjerna om lag totredelar av levera, men no viste bileta at det var ny spreiing til resten av levera. Samtidig fekk eg vite at dei ville prøve ein cellegiftkur for lever. I tillegg fekk eg eit stoff som dei hadde ganske god tru på som heiter Avastin. Det blokkerer blodtilførselen til kreftcellene, slik at dei ikkje får den næringa dei treng for å vekse. Eg går på denne kuren framleis, fortel han.

Blodprøvene har vist at han toler denne kuren dårlegare enn den førre. Blodplateverdiane har tidvis vore låge.

– Difor har eg måtta ta nokre pausar. Tidleg i sommar hadde eg ein pause på fire-fem veker. I denne perioden følte eg meg eigentleg veldig frisk. Hår og skjegg kom igjen. No går eg på ein redusert kur og har to behandlingar igjen. Då er eg ferdig med eit halvår med behandling til, og det vil bli teke nye bilete, seier han.

Behandlinga verkar

Legane har også teke bilete undervegs i behandlinga.

– I mars var situasjonen stabil. I juni var svulstane på levera reduserte med 25-30 prosent. Då verkar behandlinga. Samtidig har vi fått beskjed om at frisk blir eg ikkje, men den behandlinga eg får er livsforlengande. Det handlar om å leve med kreften så lenge eg har livskvalitet.

Han trur at særleg legar er blitt mykje dyktigare til å snakke med pasientar og pårørande enn før.

– Dei er flinkare til å gje nøktern optimisme. Dei seier: «Du blir ikkje frisk, men vi har mykje på lager som vi skal prøve. Det skal ikkje stå på det». Eg har ikkje høyrt eitt ord om at dette kostar pengar, og eg slepp otten for at dei vil stoppe behandlinga, seier han.

Nokre biverknader har behandlinga gjeve. Han har vore kvalm og trøytt. Nervebaner er blitt skada. Konsentrasjon og hugs er blitt dårlegare.

– Får att på skatten

Han har berre godt å seie om helsevesenet, både i Førde, Eid og på Haukeland.

– Eg har møtt mange dyktige legar og ikkje minst sjukepleiarar. Eg har fått god informasjon. Eg brukar å seie at det er no eg får att på skatten. Særleg vil eg trekkje fram kreftsjukepleiarane på poliklinikken i Førde og på Nordfjordeid. Dei er englar. Dei er heilt eineståande. Eg har fått mange gode ord og mange gode klemmar.

Støtte frå familie og vener har også vore uvurderleg.

– Det var eit sjokk for familien å få vite at eg hadde fått kreft, men eg har aldri vore bitter. Kreft er blitt ein folkesjukdom. Eg er ingen ungdom lenger, og må rekne med at det kan dukke opp ting. Det å ha god støtte, ikkje minst frå ei kjærleg og omsorgsfull kone, har vore viktig. Ho har følgt meg på så godt som alle behandlingar. Ho har vore med på alle innleggingar, og lagt til rette for at eg skal ha det bra når eg er heime. Det er fantastisk. Det er godt å vere to om dette, slår han fast.

Mange interesser

Olav Søreide har mange interesser. Han gler seg over at han kan drive med det meste av det han har likt å gjere, sjølv om tempoet ikkje er like høgt som før. Han er glad i å stelle i hus og hage, dyrke grønsaker og jobbe i drivhuset.

– Eg vatnar meir enn eg reinskar ugras, smiler han, og held fram:

– Om vinteren er eg i snikkarbua. Eg likar å lage ting med hendene. Det kan vere leikar eller ei vogge. Eg driv også med litt sveiping og lagar skrin og øskjer. Småbruket Riset overtok vi like etter at vi var blitt pensjonistar. Vi er der ein god del, og prøver å halde det ved like. Eg er begynt på eit grindbygg som eg skal setje opp. Med småbruket følgde det ei hytte på Gloppestadstøylen. Vi har naust og båt også, og eg er svært glad i å ta meg ein fisketur på fjorden, setje garn og teiner. Eg skal vere ganske elendig for ikkje å ha lyst ein tur på fjorden.

Han og Astrid har to døtrer i Rogaland, Sølvi og Linda, og likar å besøkje dei. Anne Britt bur i Ryssdalen, og ho ser dei oftare.

– Eg trur kanskje at det kan bli ein tur i Rondane på oss i år også. Vi har vore der nokre gongar og har gått frå hytte til hytte. Vi har lyst på ein tur til dit. Viss eg er slik eg er no, blir det nok tur, seier han.

Møtte Astrid på Firda

Søreide er opphavleg frå Holmedal i Sunnfjord, og flytta til Sandane for å gå på Firda vidaregåande skule då han var 16 år. Det var her han møtte Astrid. Han har filologutdanning frå Universitetet i Bergen, og dei budde fire år på Osterøy før dei flytta tilbake til Gloppen. Sjølv har han jobba i skuleverket i kommunen sidan hausten 1976, først eitt år på Reed skule. Med unntak av ein periode på skulekontoret, har han hatt Gloppen ungdomsskule som arbeidsstad.

Etter å ha vore rektor ved ungdomsskulen i 14 år, bad Olav om å få gå tilbake i vanleg lærarjobb i 2011. Det la seg svært godt til rettes, og han kunne gradvis trappe litt ned.

– Eg var vanleg lærar i to år før eg pensjonerte meg i 2013. Då var eg 63 år. Kona mi og eg gav oss i yrkeslivet samtidig, slik at vi hadde godt å vel to år saman før eg blei sjuk. Det er vi svært glade for. I løpet av desse åra gjorde vi ein del av det vi hadde tenkt. Vi reiste litt i lag med andre lærarpensjonistar frå Sogn og Fjordane, til Sør-Afrika og rundt i Europa. Det var ei fin tid. Det hadde vore litt trasig å måtte slutte i jobben på grunn av sjukdom, vedgår han.

Vener kjem nærare

Born og barneborn er blitt vane med at besten ikkje alltid er i toppform, at hår og skjegg kjem og forsvinn og at kleda er romslegare enn før.

– Vi har alltid hatt mange vener. Dei er der, og dei kjem nærare. Det er godt. Eg har heile tida vore open om sjukdomen, og seier det som det er. Eg har ein livstrugande sjukdom, og må lære meg å leve med at situasjonen er vanskeleg. Han er uoversiktleg, og eg veit ikkje så mykje om framtida. Å snakke om det har vore til god hjelp. Når ein er ærleg om ein litt vanskeleg livssituasjon, stiller folk opp på eit vis – med ei interesse, med ei optimisme på mine vegner. Det har vore fint. Grannar og andre tek jamleg kontakt og tilbyr hjelp med praktiske ting.

I fjor haust søkte han og Astrid om eit opphald på Montebellosenteret. Det er eit kurssenter for kreftpasientar og pårørande med tanke på livsmeistring – det å leve med kreft.

– Det var ei svært fin veke. Vi har søkt om ei ny veke denne hausten, men veit ikkje om vi får det, peikar han på.

– Livet er til låns

I Gloppen er det ei støttegruppe som heiter Møteplassen for kreftråka.

– Det er ei flott gruppe. Astrid og eg har vore med i eit par år. Der er det høgt under taket, alvor, men også ufatteleg mykje humor. Det passar meg ypparleg. Gjennom denne gruppa har eg fått ei rekkje nye vener. Vi kan snakke om korleis det går, trøyste og oppmuntre kvarandre. Kontaktnettet mitt er blitt utvida i den tida eg har vore sjuk. Det er litt forunderleg.

Mange sender helsingar til han gjennom Astrid.

– Det er mange som seier at dei har oss i tankane, at dei ber for oss og ønskjer oss alt godt. Eg opplever at det er mange som verkeleg bryr seg, og det er til oppmuntring. Og så har eg ei tru på at Vår Herre har eit auge med oss. Han gjev oss den styrken vi treng for å møte dagane. Vi skal møte gode dagar og gjere noko ut av dei, og vi skal møte dei tunge dagane. Det er mykje eg framleis har lyst til å oppleve. Noko kan eg kanskje få realisert. Men eg tenkjer stadig at livet er til låns. Eg trøystar meg med at det gjeld oss alle. Ingen av oss får noko garanti for at vi skal bli gamle eller skal bli skåna for sjukdom. Det ligg også eit håp i at det blir utvikla ny medisin og nye behandlingsmåtar. For mitt vedkomande gjev det håp om lenger levetid og bra livskvalitet. Det gler eg meg over.





 

 

 

Bilettekstar:

Trass i sjukdom gler Olav Søreide seg over alt som veks i kjøkkenhage og drivhus. – Det har vore ein fantastisk sommar, og eg har vore mykje i ute. Eg har ei klar overvekt av gode dagar, seier Olav Søreide.

 

Saman med kona Astrid flytta Olav inn i nybygd hus på Gloppestad i 1980. – Vi har vore opptekne av hagestell heile tida. Då eg fylte 60, fekk vi oss drivhus, fortel han.

 

 

Sitat i teksten

Eg har heile tida vore open om sjukdomen

 

Det er no eg får att på skatten

 

Eg tenkjer stadig at livet er til låns

 

 

Saman med kona Astrid flytta Olav inn i nybygd hus på Gloppestad i 1980. – Vi har vore opptekne av hagestell heile tida. Då eg fylte 60, fekk vi oss drivhus, fortel han.