– Det er utruleg at det gjekk så godt som det gjorde, seier Trygve Andenæs (t.v.) til Jørn Inge Nedrebø. Det vart eit emosjonelt møte då livreddaren møtte han som vart dregen tilbake til livet.

– Eg er glad du er i live


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend 30. mars 2015.






– Du hadde begge beina i grava. Vi kjempa og kjempa og trudde vi skulle miste deg, seier Trygve Andenæs til Jørn Inge Nedrebø.



Torsdag 12. mars var livet til Jørn Inge Nedrebø i ferd med å få ein brå og altfor tidleg slutt. Han vart funnen livlaus, utan puls og pust, halvveges inne i ei av produksjonsmaskinene hjå Strukturplast på Sandane. Snarrådig innsats frå kollega og nabo Trygve Andenæs berga livet til 36-åringen frå Vereide. I helga møttest han som vart redda og redningsmannen att. Det blei eit sterkt møte.

Emosjonelt


– Eg er glad du er i live, seier Trygve til Jørn Inge, tek rundt han og gjev han ein god klem.

I augekroken sprett nokre tårer. Det er uunngåeleg.

Det er laurdag ettermiddag og Jørn Inge har for første gong etter ulukka fått permisjon frå sentralsjukehuset i Førde. Permisjonen nyttar han til ein snartur heim til Gloppen. Storesyster Marit Solveig Nedrebø er sjåfør. Problem med hender som ikkje vil lystre, gjer at han ikkje kan køyre bil og må belage seg på sjukehusopphald og opptrening i tida som kjem.


– Det er spesielt å møte han att, seier Trygve og gjev Jørn Inge ein god klem.

Det er gått to og ei halv veke sidan arbeidsulukka som nær kosta han livet. På parkeringsplassen utanfor Strukturplast sin fabrikk i Eidsmona møter han att Trygve Andenæs for første gong. Det var Trygve som fann kollegaen livlaus og ille medfaren. Det stod om livet, men enda utruleg nok godt.

– Du kan takke dei korte skruane for at du er i live i dag, seier Trygve etter å ha tørka vekk tårene.

– Såg berre beina hans


Vi skrur tida tilbake til den skjebnesvangre torsdagen. Jørn Inge er som vanleg i arbeid ved formhaldaren der han lagar deksel til maskiner som oppdrettsnæringa nyttar til avlusing av laks.

Trygve Andenæs har arbeidsstaden sin litt lenger borte i lokalet. Han treng nokre skruar til det han held på med, og må gå forbi Jørn Inge for å kome til skruehylla.

– Eg snakka med han i det eg gjekk forbi. Då eg kom tilbake til arbeidsplassen min, synte det seg at skruane eg hadde henta var for korte. Etter å ha arbeidd litt, gjekk eg tilbake for å hente lengre skruar. Då såg eg berre beina hans, resten av kroppen låg i klem inne i maskina. Malvin Fuglestrand kom forbi samtidig. Han trykte på hendelen som opna forma, og eg drog Jørn kjapt ut, fortel Trygve.

Lilla i ansiktet


Den livlause kroppen var slett ikkje noko vakkert syn.

– Han var heilt lilla i ansiktet, blødde naseblod og det kom blod ut gjennom øyret.

Trygve konstaterte kjapt at kollegaen verken hadde pust eller puls. Det var berre éin ting å gjere: Setje i gang med hjarte-lunge-redning.

– Dei første minutta gjekk veldig seint. Vi bles og pumpa, bles og pumpa, men fekk ikkje respons. Fleire gonger tenkte eg: No mister vi han, no mister vi han.

Kor lenge Trygve og kollegaene som kom til, heldt på med hjarte-lunge-redning, veit dei ikkje. Tida står stille slike tider. Men dei gav seg ikkje.


– Eg har på ein eller annan måte kome i klem då formene stod i denne maskina, seier Jørn Inge.

– Liv eller død


– Plutseleg kom pulsen. Pusten sleit vi meir med å få i gang att. Jørn var samantrykt, så det var tungt å få luft i han. Han hosta litt og datt vekk, vi heldt fram med innblåsingane. Etter nokre minutt tok han til å puste, og smått om senn endra fargen i ansiktet seg. Då skjønte vi at han var berga. Det var litt av eit adrenalinkick. Det var stort. Eg kjem til å hugse det så lenge eg lever, fortel Trygve.

Etter at Jørn Inge Nedrebø pusta sjølv, vart han lagd i stabilt sideleie til ambulanse og luftambulanse kom til staden etter kort tid.

Det vart henta ein hjartestartar frå Frydenbø Bilsenter vegg i vegg med Strukturplast, men hjartet hadde akkurat teke til å slå att då denne kom på plass.

– Det var anten liv eller død. Hadde ikkje vi kome i gang med hjarte-lunge-redning så fort, hadde han vore vekke no. Det seier seg sjølv. Det stod om sekund, konstaterer Trygve Andenæs.

Belastande døgn


Men om livet såg ut til å vere berga, var det uvisst kor omfattande dei indre skadane var. Hjernen er avhengig av oksygentilførsle. Nokre få minutt utan kan få dramatiske konsekvensar.

Jørn Inge vart flogen med luftambulanse til Haukeland sjukehus. Der vart han lagd i kunstig koma fram til neste dag. Tilstanden var stabil, men uvissa og frykta for at hjernen skulle vere skada, gjorde det neste døgnet svært belastande for familie og arbeidskollegaer.

Fredag ettermiddag vart han vekt opp.

– Då han vakna, visste han kven han var, kvar han kom frå og at han skulle i barnedåp søndagen etter, smiler Marit Solveig Nedrebø.

Dei hadde fått stadfestinga dei så inderleg gjerne ville ha, men frykta dei ikkje ville få: Hjernen såg ut til å ha kome seg gjennom ulukka utan skader.

– Hendeleg uhell


– Eg har eit brot i skuldra, og nervar og musklar har vore i klem, så armane fungerer ikkje skikkeleg. Men alle funksjonane er der, eg har kjensle alle stader. Signala er svake og må byggjast opp att, men prognosane er veldig gode for at eg skal bli like fin, seier Jørn Inge.

Dei komande vekene skal han tilbringe på sentralsjukehuset i Førde. Kor lenge han blir verande der, er ikkje klart.

– Det er vanskeleg å vite kor lang tid opptreninga tar. Eg trenar med fysioterapeut og ergoterapeut. Det går framover kvar dag, så får vi sjå, seier han.

Sjølv om berre tilfelle og marginar gjer at han er i live og ser ut til å ha kome frå den alvorlege arbeidsulukka utan varige mein, er han ikkje blitt redd:

– Slikt kan hende, det er ikkje alt vi kan styre. Dette var eit hendeleg uhell. Skal ein gå rundt og vere redd for at noko skal skje, får ein eit veldig dårleg liv.

– Plagar meg ikkje


Jørn Inge Nedrebø har arbeidd ved Strukturplast sidan nyttår. Også tidlegare har han vore i arbeid i verksemda. Han vil gjerne tilbake.

– Har dei bruk for meg, stiller eg opp. Eg veit med meg sjølv at eg ikkje har gjort noko gale, så det plagar meg ikkje, seier han.

Uansett må han bu seg på ein lenger sjukmeldingsperiode. Det første målet han har sett seg, er å kunne delta på teatermusikalen «Elskhug og eksis» på Nordfjordeid i juni.

– Eg har vore med på alle dei fem tidlegare framsyningane og har lyst til å vere med i år òg. Det er målet mitt, seier hobbyskodespelaren.


Kroppen er framleis prega av ulukka, støtte må til for å avhjelpe situasjonen.

Påske på Andenes


Men aller først står påska for døra. Dei raude dagane skal tilbringast heime på Andenes.

– Då skjer det ikkje så mykje på sjukehuset likevel, så eg kan vere heime. Armane gjer at eg har nokre praktiske utfordringar knytte til toalettbesøk, påkleding og slike ting, men med litt hjelp skal det gå bra, smiler Jørn Inge Nedrebø.

Han har fått livet i gåve etter bokstaveleg tala å ha blitt dregen ut av dødsriket. Då blir praktiske utfordringar i kvardagen for bagatellar å rekne.

Og knapt nok det.




– Alle kan gjere noko


– Det verste er at ein ikkje gjer noko når ulukker skjer, seier Trygve Andenæs og Jørn Inge Nedrebø.
Hendinga dei har vore involverte i er eit godt døme på at førstehjelp reddar liv. Men om ein ikkje sjølv er førstehjelpskyndig, kan ein uansett bidra når ulukker inntreff.

– Kan ikkje gjere noko gale


– Eg er glad det var Trygve som var i nærleiken då det skjedde, og er takksam for at han tok tak og initiativ. Det redda livet mitt, seier Jørn Inge.

Han voks opp i ein heim der både far og storesøster var aktive i Raude kors hjelpekorps.

– Eg vil gjerne fokusere på kor viktig førstehjelp er. Alle kan gjere noko. Det viktigaste er å frigjere luftvegar. Kveling er ei av dei store dødsårsakene. Det aller verste er ikkje å gjere noko, understrekar han og får støtte av livreddaren sin.

– Det er heilt vesentleg at ein ikkje blir redd. Ein kan ikkje gjere noko gale, seier Trygve Andenæs.

Handla momentant


Han har vore på fleire førstehjelpskurs, men har aldri utført hjarte-lunge-redning på eit menneske før.

– Men eg har gjort det på nyfødde lam for mange år sidan. Det er slikt som sit i, seier Trygve.

Han gjorde det meste rett då det gjaldt som mest for arbeidskollegaen. Men sjølv om ein har kunnskapen som skal til for å utføre førstehjelp, er det ikkje alle som handlar rasjonelt når dramatiske situasjonar oppstår.

– Ein veit aldri korleis ein reagerer før ein står i det. Takk og lov for at eg handla momentant. Eg tenkte ikkje, berre heiv meg rundt. Eg trur eg kan seie at eg ikkje kasta vekk eitt sekund. Eg løfta han ut, utan at eg veit kvar eg henta kreftene frå. Han vog ingenting, det er tydeleg at kreftene er der når ein treng dei, seier han.

Ingen helt


Han understrekar på det sterkaste at han ikkje må bli sett på som ein helt.

– Eg gjorde det eg skulle gjere, ferdig med det. Viss eg ikkje hadde gjort det, hadde eg fått eit helvete med meg sjølv. Eg hadde kome til å slite med det resten av livet.

Han følte ei enorm lette då Jørn Inge tok til å puste sjølv. I ettertid har han vore prega av den sterke opplevinga.

– Eg sleit med nattesøvnen dei første nettene. I mange netter såg eg føre meg ansiktsuttrykket hans etter at vi drog han ut. I løpet av den andre og tredje dagen etter ulukka gjekk lufta ut av ballongen. Det heile var ei tøff påkjenning, og kroppen reagerte i ettertid, seier Trygve Andenæs.


– Det er viktig å kunne førstehjelp, men ein veit aldri korleis ein reagerer når ulukka skjer, seier Jørn Inge Nedrebø og Trygve Andenæs. Her framfor maskina førstnemnde nesten sette livet til i.




Skjedde i samband med reingjering av utstyret


Akkurat kva som hende og kor lenge Jørn Inge Nedrebø låg i klem i produksjonsmaskina, er det ingen som veit. Hovudpersonen sjølv hugsar naturlegvis ikkje noko frå hendinga.

– Eg kom i klem i forma, men korleis, veit eg ikkje. Eg hugsar ingenting frå den dagen, seier han.

Truleg har ulukka skjedd i samband med klargjering av maskina. Medan han heldt på med dette arbeidet, må han på ein eller annan måte ha kome bort i spaken som set maskina i gang, og dermed fått mellom 300 og 400 kg i press på skrå over brystkassa.


– No har eg sikra maskina, så om du prøver å kome deg inn i henne igjen, greier du det ikkje. Heretter er det idiotsikkert, seier Trygve Andenæs til Jørn Inge Nedrebø og smiler.




– Gjorde ting rett


– Mange ting skulle gjerast samstundes. Alle bidrog med det dei kunne, seier fabrikksjef Frode Lindvik i Strukturplast.

For ein sjef er arbeidsulukker noko av det verste som kan skje. Når uhellet først skjedde, er Lindvik svært godt nøgd med måten det heile vart handtert på.

– Heile gjengen gjorde ting rett. Vi øver på ulike scenario, som brann og evakuering, men at alt skulle gå så bra når det først skjedde noko, er over all forventning. Ein veit aldri korleis ein reagerer i slike situasjonar, seier han og fortel at verksemda før helga hadde ein seremoni der det vart delt ut blomster til alle som var til stades på fabrikken den aktuelle dagen:

– Det som hende var ei påkjenning, dei tilsette blei prega av det.

No har fabrikksjefen bestilt hjartestartar til bedrifta.

– Han kjem på plass i mai. Det er ei billig investering, konstaterer Frode Lindvik.





Fekk du med deg: «Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018