Det var stort engasjement då statsråd Ketil Solvik Olsen var på synfaring før trasevalet for E39. Lastebileigarar stilte opp for å vise kva alternativ dei meinte var best. No viser ein ny rapport at Statens vegvesen ikkje har fått fram samfunnsnytten av store vegprosjekt (Arkivfoto).

– E39 i indre vil bli ulønsam

Ein ny måte å rekne effektane av vegprosjekt viser at E39 i indre vil bli ulønsam og ikkje nedbetalt før om 24 år. Det kjem fram i ein rapport utarbeidd av Handelshøyskolen BI.

For første gong ligg det føre ei breiare næringsøkonomisk analyse av verdiane av store planlagde veginvesteringar. Dei er utførte av Handelshøyskolen BI og professor Torgeir Reve på oppdrag frå Statens vegvesen.

Midtre best

Resultata underbyggjer det professor Viktor Normann tidlegare har hevda i samband med striden om val av trase for E39 gjennom Nordfjord.

Normann hevda med styrke at midtre med bru Anda – Lote ville vere det beste alternativet for å utvikle regionen, men det la verken Statens vegvesen eller regjeringa vekt på.

– I dag tek vegstyresmaktene utgangspunkt i reisetid når dei reknar økonomiske effektar. Slike effektar, i form av spart reisetid og lågare transportkostnader, er ofte ganske små. Det gjer dei fleste store infrastrukturprosjekt ulønsame, seier Torgeir Reve i eit oppslag i VG. Det nye han har gjort, er å berekne dei økonomiske effektane av at jobbmarknader kjem nærare kvarandre og blir slegne saman for å styrkje næringslivet og lage meir attraktive regionar.

Ikkje i vårt fylke

Effekten av slike investeringar vil vere sterkast der byar blir knytte tettare saman og lagar større arbeidsmarknader. Dette gjer at gigantprosjekt som t.d. Rogfast der Stavanger og Haugesund blir knytte saman og nedbetalt etter berre 1,6 år trass i at kostnadene er nær 18 milliardar kroner.

Det same er tilfelle for Hordfast mellom Bergen – Os - Stord – Haugesund med ein prislapp på 9-13 milliardar. Dette vegprosjektet vert nedbetalt på 3 år, medan Hafast nord for oss til 8 milliardar er nedbetalt etter tre år. Byggjestart for desse prosjekta er 2016, 2018 og 2022.

Bru over Sognefjorden til 17 milliardar vil det ta 50 år å nedbetale. Indre trase til 3-6 milliardar kroner kjem også dårleg ut med 24 års nedbetalingstid. Indre linje vil gje lite ny næringsaktivitet meiner Greve.

Stipulert byggjestart for indre er 2029, sist av alle E39-prosjekt frå Stavanger til Ålesund.

Les heile saka i papirutgåva fredag.