Dyrk jula i deg

Ein kan seie mykje om jula. Det er travelt, det er stress og styr for å bli ferdig med alt ein skal i vekene og dagane før, enten det no er i jobben eller i heimen. Men dei fleste av oss vil no seie at det er vel verdt det. For mitt i mørketida er det lys og glitter, samvær, fest og moro med jula. Jula kortar slik på vinteren, brukte ein nabo som ikkje likte vinteren alltid å seie til oss. Og så er det ikkje minst sjølve den store tanken bak jula; det å glede andre. Enten det no er med å gje gåver til andre, gå på eit besøk, gje seg litt tid til å prate med folk eller rett og slett tenkje dei gode tankane og bry seg om sin neste, slik også julebodskapen fortel om.

Dei fleste i dette landet er heldige og har overflod av det meste. Det kan vere ein god plan å stoppe opp og tenkje over det også, i ein kvardag der det eigentleg er alt for lett å klage og syte over bagatellar. Så veit ein at ikkje alle i vårt land heller har det så godt, vi gløymer ikkje det. Det kan vere sjukdom, einsemd eller fattigdom, eller ein kvardag med rus eller overgrep som skaper mykje smerte, og for desse vert høgtidene lett ei ekstra bør. Det hjelper sjølvsagt ikkje desse at andre let vere å glede seg over alt det lyse og kjekke i jula, men kanskje kan vi alle gjere litt meir for å hjelpe dei.

Dessverre kan vi heller ikkje denne jula seie at det har vorte ei betre verd å leve i. Det er mange mørke skyer over verda, og det skjer forferdelege ting der ikkje minst fundamentalistiske haldningar og handlingar skræmer. Tenk t.d. på alle dei stakkars borna og lærarar som på mest brutale vis vart skotne ned og drepne av terroristar på ein skule i Pakistan sist veke. Korleis i alle dagar kan slikt hende, kva er det som gjer at slike totalt avskyelege handlingar kan føregå og forsvarast, korleis har menneske vorte i stand til å gjere slikt i det dei meiner er rettferdas teneste og kvifor ser vi stadig meir av denne typen svarte hendingar. Vi har ikkje noko svar på det, men vi kan likevel ikkje gje opp kampen for å skape ei betre verd for alle.

Om enn i eit heilt anna og langt meir lokalt perspektiv, er det eigentleg det vår jul også handla om. Å skape god stemning kring seg sjølve, i sine familiar, nabolag og kvardagsmiljø. Det gledar andre, og det er ein rikdom for ein sjølve. Vi håpar at alle finn gleda og roa i julehelga, og at ein dyrkar jula i seg. For leitar ein lenge nok, finn ein mykje godt i oss alle!

Vi ønskjer alle våre kjære lesarar ei god og fredeleg julehelg!