Nærøyfjorden har stått på verdsarvlista til Unesco sidan 2005. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Dumpa 1100 lass med stein i verna område

Statens vegvesen dumpa 1100 lastebillass med stein i eit landskapsvernområde ved Nærøyfjorden i Sogn. – Ikkje lett å sjå grensa i terrenget, seier dei.

Samstundes vedgår prosjektleiar for tunneloppgradering, Stig Berg Thomassen, overfor NRK Vestland at dumpinga var ei blemme og at dei skal rydde opp etter seg.

Dumpinga skjedde i samband med oppgraderinga av Gudvangatunnelen inst i Nærøyfjorden, ein fjord som fekk status som landskapsvernområde i 2002. I 2005 kom Nærøyfjorden med på verdsarvlista til Unesco.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stig Berg Thomassen seier til NRK at sidan grensa til verneområdet ikkje er merka opp i terrenget, er det ikkje akkurat lett å sjå kvar grensa til verneområdet går.

Aurland kommune har gitt Statens vegvesen frist med å rydde bort steinmassane innan 17. desember. Og Thomassen lovar at dei skal rydde opp før jul. Det er snakk om å flytte steinmassane mellom 50 og 100 meter, seier han.

Ordførar Trygve Skjerdal i Aurland er leiar for Nærøyfjorden verneområdestyre, og han synest det er trist at vegvesenet ikkje gjorde betre forarbeid.

(©NPK)