Illustrasjonsfoto.

Duellar i lokalpolitikken?

Den siste tida har lesarane av firdatidend.no kunna røyste på kven som bør bli dei neste ordførarane i Gloppen og Jølster. Skal ein dømme etter resultata på dei svært uhøgtidlege meiningsmålingane, kan det ligge an til ein rein duell i begge kommunane 14. september.

I Gloppen fekk Svein Ottar Sandal, KrF og Leidulf Gloppestad, Sp, klart flest røyster, med Hege Lothe, SV, på ein tredjeplass.

I Jølster var det Høgre-kandidaten Anders Kristian Sægrov og sitjande ordførar Oddmund Klakegg, Sp, som kom best ut. Dei to var i ei klasse for seg, med Ragnhild Sæle, Ap, og Judith Kapstad, V, på armlengdes avstand.

Så får vi sjå om valresultatet og forhandlingane om posisjonar etter valet er i samsvar med det desse målingane viser, eller om det er andre som kan ikle seg ordførarkjeda i dei to nabokommunane.

No har vi lagt ut eit nytt spørsmål. Denne gongen spør vi kven som bør vere fylkesordførar i Sogn og Fjordane dei fire neste åra.