Kåre Hauge. Arkivfoto.

Dialog om plan for framtidige Sandane sentrum

Lesarinnlegg av Kåre Hauge: 

I Firda Tidend den 16. oktober inviterte ordførar og rådmann til dialog om planprosessen. Det høyrdest bra ut heilt til ting vart konkrete, då gjorde dei det dei sa ein ikkje måtte gjere: «gå i skyttargravene».

Dei forsvarte alle delar av prosessen og planen, og meinte det var for mykje fokus på tal parkeringsplassar.

Sandane er senter for ein vidfemnande region. Ein gong var fjorden og båten viktig, i dag er dei fleste avhengige av bilen for å kome til Sandane.

Ein skal ikkje planlegge på bilen sine premissar hevdar dei. Det er ikkje vanskeleg å vere einig i det. I dag har folk som tilhøyrer regionen vår få alternativ til bil, det er på brukarane av sentrum sine premissar ein bør planlegge.

Tilrettelegging for auka bruk av sykkel er vel alle einige om. Dei store utfordringane her er knytte til strekningane til og gjennom sentrum som manglar gang- og sykkelveg.

Etter mitt syn viser utviklinga frå andre bygdesenter at det er tilgang på parkeringsplassar som i stor grad bestemmer utviklinga av sentruma. Det overordna målet for eit triveleg og trygt sentrum må vere at alle brukarane sine interesser er tekne vare på. Alle er like verdfulle enten dei kjem til Sandane på sykkel eller i bil.

Samanliknar vi Sandane med dei andre sentera, har vi det beste utgangspunktet for å vidareutvikle sentrum, men det vil avhenge av at tilgang på parkeringsplassar ikkje vert redusert.

Føregåande generasjonar politikarar og dei som eig bygg i sentrum har vore framsynte og sytt for å legge til rette for brukarane sine behov. Ser vi på til dømes Måløy, Eid og Førde, fører mangel på parkeringsplassar til etablering av kjøpesenter utanfor det gamle sentrum. I Ørsta er Coop-butikken flytta til krysset mot Ulsteinvik, der det er gode parkeringstilhøve.

Kva ordførar og rådmann meiner folk må finne seg i, er lite interessant. Det er kva folk faktisk gjer ein bør planlegge for. Ein handlar der det er lett å parkere nær butikken. Kontorlokale med mangelfulle parkeringsmoglegheiter er lite attraktive. Investorar til attraktive forretningsbygg vil truleg finne det interessant å etablere seg på areal utanfor sentrum der det er gode høve til å parkere.

Å samanlikne erfaring frå storbyar som Oslo og Trondheim er ikkje særleg overførbart til Gloppen.

Eg meiner det er viktig å vektlegge det dei forretningsdrivande i sentrum peikar på, at dei er avhengige av nok parkeringsplassar til både dei tilsette og dei som skal kjøpe varer og tenester. Det er òg vanskeleg å forstå kva for nyetablering som ikkje treng parkeringsareal. Alternativet er nyetableringar på Austrheim, i Mona eller i Bukta, der det er parkeringsareal.

Utviklinga klarer ikkje verken ordførar eller rådmann å stoppe. Vi er mange brukarar av sentrum som meiner at vi ikkje er der enno. La oss ikkje svikte dei som har investert i bygg og parkeringsplassar i sentrum, men utvikle eit Sandane der alle er velkomne, òg dei som er avhengige av bil.