Foto: Statens vegvesen.

Dette likte ikkje vegvesenet

Ymse feil og manglar vart avdekka då Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Utvikfjellet måndag kveld.

Eit køyretøy hadde sprekk i frontruta og fekk pålegg om å skifte denne.

Ein bil hadde lysfeil som måtte rettast på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein førar måtte setje igjen den bakmonterte trucken. Køyretøyet tilfredstilte ikkje kravet til underkøyringshinder med trucken på slep.

Bakmontert truck. Foto: Statens vegvesen.