Arve Varden er administrerande direktør i Helse Førde.

Dette er tilrådingane for sparetiltaka i Helse Førde

Administrerande direktør Arve Varden tilrår fleire sparetiltak for å gjere Helse Førde-økonomien berekraftig, men føreslår ikkje endringar innan psykisk helsevern.

Etter at styret i Helse Førde har fått presentert tiltaka som orienteringssaker på dei føregåande styremøta, er det lagt opp til at styremøtet 29. januar skal ta endelege avgjerder. Dette skjer etter ein omfattande prosess er m.a. dei berørte kommunane, statsforvaltaren, brukarutvalet, tillitsvalde, vernetenesta og leiinga i Helse Førde har vore tungt involvert. 

– Vi har fått mange innspel gjennom mange kanalar, og desse har ført til endringar i saksframlegga og fleire av vedtakspunkta, seier Varden i ei pressemelding.

Hovudpunkta i tilrådingane

  • Den ortopediske aktiviteten i Helse Førde blir samla i sentralsjukehuset.
  • Lærdal sjukehus skal likevel tilby ortopedisk poliklinikk inntil tre dagar i veka eller rundt 2500 konsultasjonar i året.
  • Nordfjord sjukehus skal tilby dagkirurgi med opptil 60 operasjonsdagar årleg. 
  •  Den indremedisinske beredskapen ved lokalsjukehusa blir vidareført som i dag. 
  • Styret vedtek å vidareføre God start med jordmorsenter ved Nordfjord sjukehus i samarbeid med kommunane Stad, Kinn, Gloppen, Bremanger og Stryn. God start-eininga i Lærdal skal inntil vidare drivast som i dag, i samarbeid med kommunane Lærdal og Årdal. Alternative driftsmodellar skal utgreiast og styrebehandlast seinare i år.
  • For ambulansane blir døgnbilen i Lavik blir flytta til Fjaler, og dagbilen i Fjaler blir lagt ned.
  • Hudpoliklinikken i Florø blir lagt ned, medan hudpoliklinikken i Sogndal opprettheld eit poliklinisk tilbod om lysbehandling i Sogndal inntil vidare. 
  • Det blir ikkje gjort endringar i struktur eller døgnkapasitet ved dei distriktspsykiatriske sentra i Sogndal og Nordfjord. 
  • Helse Førde skal i 2026 starte arbeidet med å etablere hjartesviktpoliklinikk og desentralisert lungepoliklinikk med tilbod om lungerehabilitering ved Lærdal sjukehus.
  • I samarbeid med Helse Vest har vi sikra avtalespesialist for augesjukdommar ved Lærdal sjukehus. Her får ein kapasitet på minst 500 grå stær-operasjonar årleg og 3000-5000 polikliniske konsultasjonar årleg. 

Tilrådingane i styresaka inneheld i tillegg ei rekkje kompenserande tiltak for å dempe negative effektar av innsparingane, for pasientar og tilsette.

Powered by Labrador CMS