Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Dette er råda om 17. mai-arrangement

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har gitt desse råda for gjennomføring av arrangement på 17. mai:

Generelt

* Arrangement og private samlingar på 17. mai må følgje dei til kvar tid gjeldande nasjonale, regionale og lokale føresegnene og tilrådingane som gjeld.

* Gjennomfør helst arrangementa ute, eller digitalt der ein ikkje kan ha arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Sjuke personar må halde seg heime.

* Alle må utvise god hand- og hostehygiene og godt reinhald.

* Arrangørar og deltakarar må sikre anbefalt avstand mellom personar som ikkje tilhøyrer same husstand og avgrense talet på kontaktar.

* Arrangement bør unngå å samle personar frå ulike nærmiljø eller lokalsamfunn.

* Unngå bruk av kollektivtransport.

Tog, korps og kor

* 17. mai-tog blir sett på som eit arrangement og må følgje dei gjeldande nasjonale og eventuelle lokale arrangementsreglar.

* Det er tilrådd å avlyse større barne- og borgartog som samlar personar frå ulikekommunar/område.

* Det kan gjennomførast 17. mai-tog i område som ikkje har forbod mot arrangement. Det bør då avgrensast til deltakarar innan same lokalsamfunn/nærmiljø.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Barn som tilhøyrer same kohort i barnehage eller barneskule, kan gå saman i barnetog utan avstandsreglar. Det bør vere god avstand mellom kohortane.

* Avgrens talet på føresette som følgjer barnetog så langt det lèt seg gjere.

* Arrangør må sikre at det ikkje blir trengsel før, under og etter 17. mai-tog. Folk som ikkje er i same kohort eller husstand, må kunne halde minst ein meter avstand heile tida.

* Korpsøvingar kan gjennomførast utan å komme innunder arrangementsdefinisjonen. I kommunar der det ikkjeer tillate med arrangement, kan korps og kor som normalt øver saman, framføre musikk eller marsjere igatene utan at det blir annonsert på førehand slik at ein unngår samlingar av publikum.

* For kor- og korpsøvingar i forkant av 17. mai må dei gjeldande nasjonale eller lokale føresegner og tilrådingar for organiserte fritidsaktivitetar følgjast.

* Kommunen bør oppmode befolkninga om å sjå 17. mai-toget frå eigen hage/balkong, og viss nødvendig, setje i verk tiltak for å hindre at mange menneske samlast langs togruta.

* Det er akseptabelt å ha «tog» med køyretøy så lenge det blir halde tilrådd avstand. Vurdering av tryggleik blir overlaten til politiet.

Arrangement for barn

* Både barn og vaksne skal teljast i berekninga av kor mange ein er.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bør gjennomførast i nærmiljøet.

* Blir gjennomført utandørs der det er mogleg.

* Avgrens talet på føresette til dei som er nødvendig for å gjennomføre aktiviteten, eller til til dømes éin føresett per barn.

* Barn frå same kohort i barnehage eller barneskule kan omgåast utan avstandsreglar. Andre, unnateke husstandsmedlemmer, må halde minst éin meters avstand.

* Arrangør må sørgje for tiltak for å unngå trengsel, til dømes ved matservering, arrangering av leikar etc.

Russen

* Russen må følgje gjeldande reglar og tilrådingar for arrangement og private samlingar.

* Russen bør samlast utandørs.

* Det blir tilrådd å avgrense talet på personar ein har tett kontakt med.

Artikkelen held fram under annonsen.

* FHI vil utarbeide eigne og meir detaljerte råd for russen når det nærmar seg russetid.

Arrangement på sjukeheimar

* Det bør leggjast til rette for besøk. Det bør ikkje lettast på råd trass markeringa. Gjeldande råd gjeld.

* Det bør leggjast til rette for at 17. mai-tog eller anna markering kan sjåast frå hagar eller terrassar/balkongar.

(©NPK)