- Det vart ein slitekamp

– Dette vart ein slitekamp, seier Runar Gåsemyr, etter at Gloppen sikra seg siger 28-25 mot Sogndal i Trivselshallen i kveld.



Gåsemyr var sentral då Gloppen låg under mot slutten av første omgang. Med fleire gode contringsmål var han med på å sikre at heimelaget kunne gå til pause med eittmålsleiing, 13-12.

- Haltar for mykje

Trenar Kjell Aske var glad laget hans vann kampen.

- Eg er veldig godt nøgd med at vi vinn kampen og får to poeng, men spelet haltar litt for mykje i dag. Skal eg ha ei forklaring på det, så kan det skuldast at det er ein månad sidan sist vi spelte kamp. Vi er litt ute av kampmodus, seier han.

Nore spelarar er ute med skade, og det har vore færre spelarar på trening siste vekene.

- Til tider vart spelet vårt litt knotete. Eg hadde sett føre meg at vi hadde høvla over Sogndal, og følte at vi kom godt i gang etter kvart. Men så inviterte vi dei inn att i kampen gjentekne gonger, peikar han på.

Slappar av

Trenaren hadde i grunn førebudd ei toretale til pausen, men måtte moderere seg litt då GHK leia med eitt mål. Han gav dei likevel eit spark bak, som han kaller det.

- Vi leia med både fire og fem mål i løpet av andre omgang. Kvifor kampen blir så spennande mot slutten, er for meg ei gåte. Det som irriterer meg litt, er at vi slappar litt for mykje av når vi ligg føre med nokre mål. Det har vi ikkje høve til å gjere, slår han fast.