det vart to nye noregsrekordar for Marit Årdalsbakke i EM. arkivfoto frå 2016

Det klaffa ikkje heilt for Marit

Det stemte berre nesten for det lokale Jølster-håpet, Marit Årdalsbakke (23), då ho var i elden under vektløftar-EM i Førdehuset onsdag.
– Det vart 83kg i rykk og 93 i støyt, men eg hadde håpa på tresifra i dag, seier ein litt skuffa Tambar-løftar.


Marit Årdalsbakke frå Årdal i Jølster var i aksjon på podiet i Førdehuset onsdag. Ho løftar i B-puljen i 63kg-klassen (58-63kg). I støyt gjekk det greitt å få opp sikringsstøyten på 93kg, men ho fekk underkjent den andre på 97 på grunn av press. Ho la så på til persforsøk 100kg i siste støyt for å henge med i plasseringskampen, og ho klarte å vende det, men det vart for tungt i overstøyten.

83kg i rykk
I rykk opna ho med å bomme på 80kg i første forsøk, men tok seg fint inn att og klarte det i andre forsøk og 83kg i siste forsøket.

– Eg var bra nøgd med 83kg i rykk, men eg hadde håpa på tresifra i støyt. Men det ville seg ikkje i dag, og eg er nok litt skuffa. Eg skulle hatt seks godkjende forsøk, men det vart diverre berre tre. Det er nok overstøyten som er min akilleshæl, så eg får trene meir på det, forklarte Årdalsbakke etter konkurransen.

Mykje trening
– Kor mykje trenar du for å kunne delta i EM?

– Det ligg mange treningstimar bak. Vi har visst om EM på heimebane i fire år, og har trena målbevisst mot det. Siste året har det nok blitt åtte-ni totimars økter i veka. Eg har teke eit friår for å satse, og målet er å heve nivået fram mot EM neste år. No skal eg ha litt ferie i sommar og reise ein del saman med sambuaren min. Det blir mest Jorda rundt, først til Søraust-Asia, så Fiji og Australia og vidare til USA, fortel den unge vektløftaren.

Marit Årdalsbakke bur i Oslo, har teke ein bachelor i fysioterapi og skal ut i turnus til hausten. Ho dreiv først ein del friidrett og trena styrke saman med Trude Raad og Marte Rygg Årdal i Gloppen før ho satsa på vektløfting andre året på vidaregåande.