NVE hadde synfaring på kraftverket i november 2017 og gav avslag i fjor sommar. No har departementet landa på same konklusjon.

Det er tvil og tru om storauren i Storelva

Sjølv om det er sterk fagleg usemje om kor viktig Storelva er for storauren, står både Fylkesmannen og Miljødirektoratet fast på tidlegare uttaler.

Det kom fram under synfaringa der både Kurt Oddekalv (Norges Miljøvernforbund), Erik Solheim (Sogn og Fjordane Naturforbund) og Alvar Melvær (Sogn og Fjordane Turlag) stilte opp. Alle er skeptiske til planane til Breim Kraft. I tillegg deltok seniorrådgjevar Eyvin Sølsnæs frå Fylkesmannen og Roar Lund frå Miljødirektoratet og fleire med interesse for kraftprosjektet.

C-alternativet

NVE har som kjent kome med negativ innstilling til Breim Kraft sine utbyggingsplanar i Storelva. Eit vesentleg moment var omsynet til storauren i elva. Her er det stor fagleg usemje, noko som kom tydeleg fram.

Harald Sægrov i Rådgivende Biologer har kartlagt elva på oppdrag for Breim Kraft. Han har brei erfaring frå ei rekkje vassdrag på Vestlandet.

– Storelva er ubrukeleg som gyte- og oppvekstområde for aure, hevda han og synte til at brevatn med dårleg sikt og stri straum er ein «frykteleg plass» for småfisk. Det er hovudårsaka til den låge produktiviteten i elva.

Ved utløpet

I staden gyt auren ved utløpet av Breimsvatnet og i strandsonene, opplyste Sægrov. Han meinte redusert vassføring i Storelva ved ei kraftutbygging vil betre gyteforholda i elva.
Seniorkonsulent ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, Eyvin Sølsnæs, vedgjekk at C-alternative imøtekjem ein del av innvendingane mot prosjektet, men var framleis usikker på konsekvensane for storauren, landskap og friluftsliv.

– Vi har aldri hevda at Storelva er eit viktig gyteområde for auren, men det er fiska storaure der. Elva er eit funksjonsområde for storaure, og elva representerer eit potensial for auren, hevda Sølsnæs og slo fast at høyringsuttalen står ved lag.

Les meir i papirutgåva fredag.