– Vi er først og fremst veldig glade for å ha flytta heim att. Det er ikkje sjølvsagt at vi begge får jobbar som høver til den utdanninga vi har. Vi føler difor vi er heldige, seier Ane Merete Austrheim (39) og Ole André Aae (40). Her i lag med borna Maia Sofie (2 ½) og Ola Jarl (1).

– Det er her vi høyrer heime

* Barnefamilie flyttar frå Oslo til Sandane
* Har fått jobb hos EY og på omsorgssenteret

Ane Merete Austrheim og Ole André Aae tok med seg dei to borna sine og flytta heim til Gloppen i byrjinga av november. – Vi kjenner det med ein gong vi kjem til fjordar og fjell – at det er her vi høyrer heime, smiler dei.

Det har ordna seg med jobb til begge to, og borna har fått barnehageplass i Mona barnehage, avdeling Sandane. Både Ane Merete Austrheim og Ole André Aae føler at dei er begynt å kome inn i nye daglege rutinar.

Tett knytte til Sandane
– Far min, Jan Otto Aae, tok imot oss med opne armar då vi kom i november. I starten skal vi bu hos han i Nordåsen. Etter kvart vil vi vurdere å kjøpe eller byggje oss ein heim, men vi har ei god mellombels løysing slik det er no. Far min har god plass, og eg trur det er kjekt for han å få oss heim igjen. Han elskar litt liv og røre rundt seg, og han gler seg over å ha barneborna i hus. No får han ein naturleg plass i livet deira, seier Ole André Aae.

Dei er også ofte på besøk hos foreldra til Ane Merete på Øyrane.

– I permisjonar og feriar har vi vore flinke til å kome heim til Gloppen. Så snart vi har hatt sjansen, har vi teke turen over fjellet. Ofte har vi reist eins ærend for å få med oss Matamål. Vi har vore tett knytte til Sandane sjølv om vi har budd vekke ein del år, fortel ho.

Les meir om dei heimflytta glopparane i onsdagsavisa.