
Det brenn i terrenget etter lynnedslag
Det brenn i terrenget ovanfor Leirstøylen i Gloppen etter lynnedslag ca. 20.45 onsdag kveld.
Det kom eit kraftig tôrevêr frå aust innover distriktet i kveld, og i Gloppen kunne ein sjå lyn og høyre kraftig tôreskrall. Eitt lyn slo ned i fjellsida ovanfor bustadfeltet Valborgkleiva og Leirstøylen, vest for Eidsstøylen.
Ventar på helikopter
Då det byrja å brenne litt før klokka 21.00, rykte Gloppen brann og redning ut for å starte sløkkinga. Kring 18 brannkonstablar frå både Sandane og Breim har delteke i arbeidet.
- Det er bratt i terrenget, og det har brent ei stund. Eg føler vi har ein viss kontroll, men det ikkje meir heller. Eg håpar det ikkje kjem vind. Helikopter er på veg, og skal kome om ikkje så veldig lenge, fortel brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune, Kjell Aske.
- Det er ikkje fare for spreiing til noko anna enn terrenget?
- Nei, det er det ikkje, slår han fast.


