GHK tok to nye poeng mot Jotun i Trivselshallen søndag. Arkivfoto.

- Det beste vi har prestert i forsvar

– Dette er det beste forsvarsspelet vi har prestert så langt i sesongen, seier trenar Daniel Dammyr. Søndag slo GHK til med seksmåls-siger over BSI.

Første del av første omgang var jamspelt, men midtvegs drog heimelaget i frå. Ved pause var stillinga 18-12, og GHK hadde god kontroll. Heimelaget hadde også styringa i andre omgang og var i føringa med sju mål, men rota på slutten og let BSI nærme seg. Då var GHK i føringa med berre fire mål, men løfta seg på tampen og drog poenga trygt i hamn.

Imponerte
– Dette er utan tvil den beste forsvarskampen vi har spelt i år, seier trenar Daniel Dammyr og er tilfreds med berre 22 baklengs. Ragnhild Ryssdal, Amanda Veiteberg og Heidi Sægrov scora 20 av laget sine 28 mål.
– Dei tre er viktige i angrep, men Malin Isane Førde styrte bak. Det er imponerande. Ho er berre 16 år, men tok kommandoen, seier Daniel. Han let Malin spele forsvar og kvile i angrep.


Les meir om kampen og kommentarane i måndagsavisa