Noreg har som mål å redusere forbruket av eingongs plastprodukt med 50 prosent. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Departement og næringsliv saman for mindre bruk av eingongs plastprodukt

Klima- og miljødepartement og ei rekke næringslivsorganisasjonar går saman for å redusere bruken av eingongsprodukt av plast.

– Plastforsøpling og plastforureining er eit blant dei største miljøproblema i verda, og det hastar med å få ned forbruket, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

Det er organisasjonane Næringslivets Hovedorganisasjon, Virke, NHO Mat og Drikke, NHO Reiseliv, NHO Service og Handel, Handel og Kontor Norge og Emballasjeforeningen som har signert partnarskapen med Klima- og miljødepartementet om reduksjon av forbruket av eingongsprodukt som er laga av plast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Partnarskapen er eit ledd i Noregs oppfølging av EUs direktiv om plastprodukt.

Formålet er å redusere forbruket av eingongs matbehaldarar for hurtigmat eller ta-med-mat, og dessutan drikkebeger med lokk som er laga heilt eller delvis av plast.

Noreg har som mål å redusere forbruket med 50 prosent av desse produkta innan 2026. (©NPK)