STIL-trenar Torbjørn Gran (t.v.) og Jølster-trenar Thomas Flatebø. Fotomontasje.

Den eine gleder seg, den andre kvir seg

Ein av trenarane gleder seg, den andre kvir seg før lokaloppgjeret mellom Jølster og Sandane på Skei stadion torsdag kveld.

Dei to klubbane har hatt mange jamne og tøffe oppgjer seg imellom dei siste åra. I fjor var dei i kvar sin divisjon, men i år er det nok ein gong duka for dei klassiske oppgjera mellom dei to naboane.

– Eg gleder meg, det blir kjekt å få spelt ein skikkeleg kamp som betyr noko. Det er viktig for oss å vinne for å ha kontakt med Sandane og dei andre laga over oss på tabellen, seier Jølster-trenar Thomas Flatebø.

STIL-trenar Torbjørn Gran ser litt annleis på det.

– Eg gruar meg til kampen, det har eg gjort i heile år. No har Jølster forsterka laget og fått inn fleire gode spelarar, det er tydeleg at dei har heva seg utover i sesongen. Eg såg dei tape 5-2 mot serieleiar Studentspretten, men den kampen kunne dei like godt ha vunne, seier Gran og reknar med det blir ein fotballkrig av godt, gammalt merke på Skei torsdag kveld:

– Jølster kjem med enorm vilje, innsats og seine taklingar. Vi må sørge for å få kampen slik vi vil ha han, og ikkje la dei få han inn i sitt spor.