Maria og Ingrid W. Ose er mellom deltakarane i Papillon-prosjektet i 2019.

Deltek i Papillon-prosjektet

Etter at ein internasjonal jury har vurdert alle søkjarane, står Valdres sommarsymfoni igjen med ti deltakarar i Papillon-prosjektet for 2019. Mellom desse er Ingrid og Maria W. Ose frå Sandane.

Valdres sommarsymfoni opna i haust opp for nye søkjarar til Papillon-prosjektet. Søkjarane var mange og nivået svært høgt. 25. november blei dei ti deltakarane presentert på Sentralen i Oslo.

Vil får viktige roller
Desse ti er alle komne langt på sine respektive instrument, og har trass ung alder rukke å vinne ei rekkje prisar og gjere seg bemerka i inn- og utland.

– Papillon-deltakarane vil få individuelt tilrettelagt oppfølging i løpet av året fram mot Valdres sommarsymfoni 2019. Under festivalen vil dei unge musikarane få viktige roller på konsertane og inngå i festivalprogrammet side om side med store nasjonale og internasjonale artistar. Her kan dei forhåpentlegvis hauste nyttige erfaringar som dei kan ta med seg vidare inn i livet som musikarar, seier kunstnarisk leiar i Valdres sommarsymfoni, Guro Kleven Hagen.

Tanken bak prosjektet er å bidra til å gjere overgangen frå å vere eit ungt talent til etter kvart å bli ein profesjonell musikar så smidig og god som mogleg.

Blir mentorar
Deltakarane vil også få ei rolle som mentorar for dei yngre deltakarane. Dei vil få spele i kammermusikkgrupper, delta på meisterklasser og høyre på foredrag frå ulike deler av musikkbransjen.

Dei ti deltakerne er: Oda Holt Günther – fiolin, Solveig Skogdal – fagott, Rasmus Hella Mikkelsen – fiolin, Victoria Suzanne Lewis – fiolin, Amalie Marie Thing Helseth – cello, Katinka Nilssen – fiolin, Njord Kårason Fossnes – bratsj, Johanna Ander Ljung – harpe, Maria W. Ose - fløyte og Ingrid W. Ose – fløyte.

Både Maria og Ingrid W. Ose studerer for tida ved Noregs musikkhøgskule i Oslo.