7. klassingane Vegard Elvebakk Engeset (f.v.), Henrik Kvandal Alme og Ørjan Nesdal Aske har sentrale roller i Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg.

Dei skal finne skjegget i år òg

– Vi både gleder og gruar oss, seier hovudrolleinnehavarane Vegard Elvebakk Engeset, Henrik Kvandal Alme og Ørjan Nesdal Aske før Nordstranda skule si oppsetjing av Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg.

Øvingane er i full gang på Nordstranda skule. Tradisjonen tru skal alle elevane vere med på Per Asplin sin udødelege familiemusikal som fortel eventyret om nisseguten Putti Plutti Pott som reiser til Onkel Per, Petter og Caroline med Julenissen sitt trylleskjegg.

– Eg øver kvar dag, det blir nesten for mykje øving, seier Vegard Elvebakk Engeset, som har rolla som Onkel Per.

Saman med dei andre hovudrolleinnehavarane har han fått med lydfiler heim for å øve på songane.

– Det skumlaste blir å synge solo, konstaterer Henrik Kvandal Alme og Ørjan Nesdal Aske.

Les meir i papirutgåva onsdag.