Tilliten til frivillige organisasjonar har auka i eit år med mange utfordringar. Foto: Hedvig Kolboholen/Frivillighet Norge.

Dei frivillige organisasjonane har høgst tillit her i landet

Tillitsbarometeret for 2022 viser igjen at det er dei ideelle organisasjonane som nyt høgst tillit blant nordmenn.

88 prosent av dei spurde gir ein høg karakter til dei ideelle organisasjonane. Dette er ein auke frå i fjor.

– På vegner at dei frivillige er eg stolt over resultatet. Tillit er ikkje noko ein kan krevje og skal ta for gitt. Tillit er noko ein skal forvalte med respekt for dei som gir deg det, seier styreleiar i Frivillighet Norge, Kjell Erik Ullmann Øye, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same tillitsbarometeret viser at tilliten til Stortinget går ned, og det same gjeld regjeringa, kommunestyra og partia. Frivillighet Norge meiner at eit sterkt sivilsamfunn er avgjerande for eit sterkt demokrati. Dei meiner at dei frivillige organisasjonane også er eit verktøy for å følgje med på politikarane, fortelje korleis innbyggjarane opplever ulike delar av samfunnet, og også foreslå endringar.

Organisasjonen meiner det betyr mykje for tilliten til demokratiet vårt at desse kanalane for å påverke politikken finst og fungerer godt.

– Mange kjenner dei frivillige organisasjonane innanfrå og ser kva betydning dei har for livet til enkeltmenneske og for lokalsamfunnet. Eg ynskjer at endå fleire finn vegen til dei frivillige for å vere med på å byggje eit godt samfunn og gode lokalmiljø, seier Ullmann Øye. (©NPK)