Frode Fjellestad (t.v.) fortalde korleis det er å drive kombinasjonsbruk med gris og sau når bakkane er mange og bratte, og flatene er få og små. Styret i Norges Bondelag lét seg tydeleg imponere over den driftige gardbrukaren i Fjellbygda.

Dei fekk sjå vestlandsk jordbruk på sitt beste og mest utfordrande

– Det er ein prestasjon å halde jorda så godt i hevd i dette landskapet, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, og såg oppover dei bratte, men nyslegne bakkane i Fjellbygda.

Tysdag og onsdag var styret i Norges Bondelag på vitjing på Sunnmøre og i Nordfjord. Onsdag ettermiddag var det gardsbesøk hjå grise- og sauebonde Frode Fjellestad i Fjellbygda.

– Vi ser stor skilnad i utviklinga i ulike bygder. Nokre stader er det arealoverskot, andre stader manglar ein areal. Det er både positive og negative dominoeffektar som er årsaka til dette, mellom anna produsentmiljøet, sa Bartnes.

Både han og resten av delegasjonen frå bondelaget var tydeleg imponert over det dei fekk sjå og høyre på Fjellestad. Håslåtten var godt i gang, og det dura frå traktorar og fôrhaustarar på alle kantar. Dette trass i at landbruksdrifta må seiast å vere alt anna enn enkel i dei bratte bakkane.

Les meir om vitjinga i Fjellbygda i papirutgåva fredag.