Dårlegast inneklima i opne kontorlandskap

Tilsette i opne kontorlandskap opplever oftare inneklimaet som dårleg samanlikna med dei som har eige kontor.

Publisert

Ein ny studie frå STAMI (Statens arbeidsmiljøinstitutt) viser at kontorløysinga i stor grad påverkar korleis tilsette opplever inneklimaet. Det heng igjen saman med førekomsten av hovudverk og luftvegsplager.

Ifølgje nettstaden til STAMI samla forskarane inn data frå nesten 8000 norske kontortilsette i 2016 og 2019. Resultata viste at dei som sat i fleksible kontorløysingar, eller kontor delte med mange andre personar, oftare rapporterte om dårleg inneklima samanlikna med dei som sat på private kontor.

Mange av deltakarane rapporterte om hovudverk og luftvegsplager. Analysane til forskarane viste at desse plagene var tydeleg knytt til korleis dei tilsette opplevde inneklimaet.

– Tørr luft, trekk og dårleg ventilasjon var knytt til auka risiko for symptom som hovudverk og luftvegsplager, forklarer tidlegare STAMI-forskar Therese Moazami, som er førsteforfattar av studien.

Forskarane fann ingen direkte samanheng mellom kontortype og symptom om inneklimaet i utgangspunktet var godt.

– Det betyr at det ikkje nødvendigvis er kontorløysinga i seg sjølv som er problemet. Men dersom inneklimaet ikkje er godt nok, kan opne og delte kontorløysingar forsterke ubehag og helseplager, seier Moazami. (©NPK)

Powered by Labrador CMS