54 båtar med nesten 90.000 passasjerar har vore innom cruisekaia i Olden i år.

Cruiseseongen i Olden er over

Det vesle skipet Magellan avslutta måndag ein seks månader lang cruisesesong i Olden – Nordfjord. Med sine vel 46 000 bruttotonn og 1250 passasjerer står den i stor kontrast til vel 141 000 tonn store «Britannia» som opna cruisesesongen 28. april.

Hurtigruteskipet «Fram» la til kai på nasjonaldagen, der om lag 200 personar frå 16 nasjonar deltok aktivt i 17. mai toget i Olden med eigne faner. 26. juni hadde ein også besøk av Disney Cruise Line sitt skip «Disney Magic» med den norske Commodore Tom Forberg og Mickey Mouse ved si side. Disney Magic vart godt motteke med taler frå Stryn kommune, Nordfjord Havn, Reisemål Stryn & Nordfjord og Cruise Europe.

54 skip


Oppsummerer ein cruisesesongen 2015, hadde Olden besøk av 54 skip med totalt 88 738 passasjerar.

Cruiseåret 2015 har vi hatt færre skip enn dei siste par åra. I toppåret 2013 hadde vi 93 skip og ca. 140 000 passasjerar. I 2014 hadde vi 72 skip og ca. 92 000 passasjerar.

Bookingane for 2016 er positive. I overkant av 80 skip er forventa å besøke Olden med om lag 110 000 passasjerar.

Oppgradering av kaia i Olden

Nordfjord Havn har oppgradert fortøyingsmoglegheita for dei største skipa som kjem til kaia i Olden. Ny 200 tonns pullert og 200 tons bøye er på plass, og i tillegg har ein og skifta ut den eksisterande bøya med ei ny. Nordfjord Havn og Stryn kommune har og sikra fyllingsfronten nord for cruisekaia.

Pakkekurs for cruise

Reisemål Stryn & Nordfjord og Visit FjordKysten arrangerer i samarbeid med Innovasjon Norge pakkekurs for cruise neste månad. Her kan aktørar innan kultur, oppleving og reiselivet generelt lære seg til å bli flinkare til å selje seg aktivt inn mot cruisemarknaden. Cruiseturismen til Norge har dei siste åra auka og Norge er no eitt av verdas største cruisereisemål. Norge vart nyleg kåra til Europas beste cruisedestinasjon av Storbritannia sitt største cruisemagasin «Cruise International».

Cruisenæringa er avhengig av å ha gode tilbod til sine passasjerar. Dette stiller krav til tilbyderane av reiselivsprodukt på land, både når det gjeld kvalitet på produktet og organisering (produktpakking, transport og informasjon). Difor vert det arrangert kurs i november, slik at aktørar som vil satse på cruisemarknaden kan stå betre rusta til å lage attraktive utflukter som kan bidra til å auke verdiskapinga lokalt.