Coop driv mellom anna lågpriskjeda Extra. Foto: Audun Braastad/NTB/NPK.

Coop skal sjå på styringsmodellen etter kritikk

Dei 1,9 millionar medlemmene er ikkje lenger representerte i styret i Coop Norge. No vil Coop vurdere styringsmodellen på nytt.

– Når det no blir stilt kritiske spørsmål til om styringsmodellen i Coop Norge varetek medlemsdemokratiet og samhandlinga med samvirkelaga på ein god nok måte, så må vi ta dette på alvor. Det gjer styret, seier Tore Tjomsland, styreleiar i Coop Norge og dagleg leiar i Coop Øst, til Nettavisen.

Fram til 2017 hadde styret tre medlemsrepresentantar, inkludert styreleiar og nestleiar i styret, som skulle representere dei 1,9 millionar medlemmene som eig Coop.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er altså ikkje Coop-medlemmene lenger representerte i styret, og dei største samvirkelaga i Coop, som i alt består av 66 samvirkelag, har reint fleirtal.

At medlemmene ikkje lenger er representerte, har fått kritikk frå fleire hald.

Styreleiar Tjomsland seier til Nettavisen at styret no vil setje ned eit utval som skal evaluere eigarstyringsmodellen og strukturen, korleis han har fungert i praksis, greie ut om forbetringar og sjå på nye moglegheiter.

Evalueringa skal resultere i ei innstilling frå styret, som skal leggjast fram på årsmøtet i Coop.

(©NPK)