Arbeidet på tilkomstvegen starta måndag. Maskinførar Vegard Myklebust (fremst) hos Olav Hjelmeset AS skal utføre oppdraget.

Byggjer ny tilkomstveg til Åsen

Arbeidet med å byggje ein ny tilkomstveg til Åsen frå Selvågane har no starta opp. Vegen blir om lag 170 meter lang, og skal ferdigstillast i løpet av eit halvt år. – Eg er glad dette prosjektet endeleg vert fullført, seier rådmann Jan Kåre Fure.

Den nye tilkomstvegen vil erstatte to andre tilkomstvegar til byggjefeltet Åsen på Sandane.

Gangfelt og p-plass

– Tilkomstvegen ved ungdomshuset Vonheim og tilkomstvegen vest for Storebrua skal begge stengjast når den nye vegen frå Selvågane står klar, fortel leiar for kommunalteknikk, Per Ove Fossheim.

Intensjonen er at arbeidet skal ta seks månader.

– Dette med asfaltering må vi sjå litt nærare på. Om vi klarer å få vegen asfaltert innan eit halvt år, veit vi førebels ikkje. Ein parkeringsplass i Selvågane er ein del av prosjektet. Det skal også lagast eit 1,5 meter breitt gangfelt langs den nye tilkomstvegen, fortel Fossheim.

Prosjektet har vore ute på anbod, og det er Olav Hjelmeset AS som skal utføre arbeidet.

Les meir i papirutgåva onsdag.