Steinar Sørli og Yngve Brakstad, Åmot Operagard.

Bygdeutviklingsprisen 2015 til Åmot Operagard

Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2015 i Sogn og Fjordane går til Åmot Operagard. Prisen blei tildelt med bakgrunn i at bedrifta har utvikla eit vellukka driftskonsept som er både originalt og nyskapande.

Det bygger på at garden er ein arena for produksjon av kultur-opplevingar innanfor eit spekter av opera/teater og konsertar, selskap og bryllaup, gardskjøkken og restaurant, møter og arrangement og overnatting . Slik har Åmot Operagard teke ein nasjonal posisjon som ei av dei mest nyskapande kultur- og reiselivsbedriftene i landet, seier styreleiar Jenny Følling i Innovasjon Norge. Bedrifta har dei siste åra hatt ei positiv utvikling i omsetning og resultat. Denne utviklinga held fram i 2015 med stor omsetningsauke og resultat-forbetring

Steinar Sørli og Yngve Brakstad som driv bedrifta, er ressurspersonar i norsk reiseliv. Dei tenkjer nytt og utradisjonelt og samarbeider godt med relevante aktørar, både lokalt og regionalt og nasjonalt. Dette bidreg til etablering av internasjonale nettverk. Slik frontar dei ei utvikling av ei lokal/regional kultur- og matklynge, legg premissar og utviklar kompetanse og gode kunderelasjonar både i eiga bedrift og hos sine leverandørar og samarbeidspartnarar. Slik har dei etablert relasjonar til kundesegment som ein her i fylket ikkje har nådd tak i tidlegare, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge. Samarbeidet med t.d. operatøren Travel Designer har skaffa kundar frå «High End»-segmentet bl.a. også frå USA. Sist i rekkja av samarbeids-partnarar er Bergen Nasjonale Opera og sist sommar resulterte dette i ein Operafestival i ny drakt. I september 2015 har Åmot Operagard fått plass og hederleg omtale i engelske i Financial Times - «Postcard from Norway»

Gardsmiljøet og vakker vestlandsnatur pregar kulissane til denne unike gardsscena, der lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar står for kulturopplevingar i særklasse. Utsøkt sunnfjordmat tilberedt av lokale råvarer frå sjø og land og overnatting i det restaurerte våningshuset frå 1890, gir operagardbesøket ein ekstra dimensjon. Tildelinga av kvalitetsmerket Olavsrosa i 2010 frå Norsk Kulturarv og De Historiske i 2014 frå De Historiske Hotel & Spisesteder og plass i kategorien «De Historiske perler», understrekar kor verdifulle opplevingar Åmot Operagard har å by på. I St.meld. om entreprenørskap i landbruket (2015) er bedrifta omtalt og trekt fram som eit godt eksempel.

Innovasjon Norge har hatt tett dialog med Åmot Operagard i mange år og bidrege med finanisering og kompetanse som har vore viktig for utviklinga i selskapet. Bygdeutviklingsprisen er på kr. 50.000 blei utdelt av styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Jenny Følling, under opninga av Fylkestinget i Førde, tysdag 13. oktober. Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Åmot Operagard vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale Bygdeutviklingspris der vinnaren får 250.000 kr.