Butikktjuv pågripen i Gloppen
Ein butikktjuv som prøvde å stele øl frå ein butikk i Gloppen, vart aggressiv mot tilsette som tok han på fersken.
Det melder Vest politidistrikt på Twitter søndag ettermiddag.
Politiet kom raskt til staden og fekk kontroll på gjerningspersonen, ein mann i 30-åra.
– Han er svært rusa, blir meld og har fått pålegg om ikkje å oppsøkje butikken, opplyser politiet.