Anna Johansen med Evlyn og Torill Hoem Ringsby med Jakob på armen, står utanfor Stortinget måndag saman med bunadsgeriljaen. Ei markering mot nedlegging av sjukehus i Noreg. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Bunadsaksjonistar heldt markering på Stortinget

«Bunadsgeriljaen», Helsepartiet og folkeaksjon Redd Ullevål sykehus heldt måndag føremiddag markering både utanfor og på galleriet på Stortinget.


– Det er den første dagen min i bunad i dag. Det er eit kampplagg, og det er ein styrke at vi som kjempar mot sjukehusvedtak rundt om i landet no har fått til eit samarbeid, seier nestleiar Lene Haug for folkeaksjonen Redd Ullevål sykehus til NTB.


Det var i samband med behandlinga av eit representantforslag i Stortinget om Oslo-sjukehusa frå Bjørnar Moxnes (Raudt), Kari Elisabeth Kaski (SV) og Kjersti Toppe (Sp), den såkalla Bunadsgeriljaen, Helsepartiet og folkeaksjonen Redd Ullevål sykehus demonstrerte – dei fleste kledde i bunad.


– Vi kjempar for å hindre nedleggingar av fødetilbodet både på Nordmøre og i landet generelt, seier initiativtakar Anja Solvik til NTB.


I slutten av mars kom beskjeden om at Helse Møre og Romsdal vil legge ned fødeavdelinga i Kristiansund, og at fødetilbodet i staden skal leggast til Molde. Det har sett sinna i kok på Nordmøre.


Etter at nyheita om nedlegginga vart kjent, har kvinner kledd i bunad protestert på alt frå fotballkampar til fjelltoppar mot nedlegging av fødetilbodet. Bunadskvinnene meiner at nedlegging som fører til lengre reiseveg til fødestua i verste fall kan koste liv.


Bunadsaksjonistane har vore svært synlege i sosiale medium og har fått mykje merksemd. Tysdag planlegg bunadskvinnene å ro ei gravid kvinne frå Smøla til Kristiansund i ein gammal trebåt.


Aksjonsgruppene varslar òg at dei 14. mai i samband med eit nytt representantforslag på Stortinget, saman vil halde ei ny markering på Karl Johan. (©NPK)