Det er ikkje overraskande om du ser ein av desse i førjulstida – hus eller hytter med massevis av julelys. Foto: Cornelius Poppe/NTB/NPK.

Brannvesenet åtvarar mot julelys: – Kan i verste fall føre til store brannar

Svært mange har pynta med lys utandørs i år. Det kan føre til auka brannrisiko om ein ikkje tek forholdsreglar, seier brannsjef.

– Straum på avvegar kan utløyse varmgang, som i verste fall kan føre til brann, seier Per Olav Pettersen. Han er brannsjef i Vestfold Interkommunale Brannvesen.

I år har nemleg ekstra mange dekorerte bustaden sin med lys. Fleire butikkar melder om rekordsal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men sjølv om det kan sjå fint ut frå utsida, kan julebelysninga føre til auka brannrisiko om ikkje det blir teke forholdsreglar.

– Utandørs må du berre bruke utstyr som er produsert for utandørs bruk. Sjekk at det er CE-merkt og har ei IP-klassifisering, seier Pettersen, som tilrår Led-belysning.

– Byt til Led

Dei trekkjer nemleg betydeleg mindre straum, som igjen gir mindre belastning på det elektriske anlegget, kontaktar, koplingar og leidningar som høyrer til utebelysninga.

– Eldre julebelysning, med halvròtne eller sprø leidningar, må bytast ut. Er det svidd eller brunt rundt ei pære, har plasten vore utsett for høg temperatur og tryggleiken til produktet er svekt. Gamle glødepærer til juletrelys kan gi frå seg høg varme. Byt til Led, er oppmodinga hans.

Vidare opplyser han om at leidningen til julebelysninga aldri må gå over dørterskelen eller gjennom vindauget der den kan komme i klem eller bli skadd.

– Bruk utandørskontaktar og vern gjerne desse ekstra mot regn. Skru av julebelysninga, og trekk ut kontakten om natta og når du reiser bort.

– Følgjer folk desse råda, og samtidig tek omsyn til naboane, ønskjer vi i brannvesenet våre innbyggjarar ei hyggjeleg førjulsstemning i mørketida, seier Pettersen.

Fakta: Desse råda kan forhindre brann i julelys

Norsk brannvernforening har komme med nokre råd som bør følgjast for trygg bruk av julelys:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Sjå over eldre julelys. Er leidningane sprø eller skadde bør julelysa bytast ut.

* Skru av julelysa om natta eller når du reiser bort. Lyslenker består av mange små lamper, og viss ein eller fleire lamper sluttar å verke, vil resten lyse med auka styrke. Lampene kan då bli for varme og føre til at julepynt eller anna brennbart materiale i nærleiken ta fyr.

* Skift lyspærer ved ujamt lys. Viss lampene lyser med ujamn lysstyrke, kan nokre av lampene bli for varme.

* Berre bruk lys ute som er eigna for utandørs bruk. La aldri leidningen gå over dørterskelen eller gjennom vindauget, der han kan komme i klem eller bli skadd. Bruk berre skøyteleidningar som er laga for utandørs bruk.

* Spar straum ved å byte til Led-lys og tidsstyring.

Kjelde: Norsk brannvernforening

(©NPK)