Branntilløp i buss
Ingen er skadd, men fleire passasjerar skal ha pusta inn røyk, under eit branntilløp i ein turbuss ved Apalset på E39 tysdag føremiddag.
I følgje Vest politidistrikt skal det ha byrja brenne i ein kaffitraktar i bussen like før klokka ni tysdag morgon. Sjåføren skal sjølv ha sløkt brannen og fått kontroll på situasjonen, men det skal ha vore ein del røyk i bussen før brannen vart sløkt.
Naudetatane rykte ut og det er manuell dirigering på staden. Passasjerane var 4H-ungdommar frå Rogaland. Desse er flytta over i ein ny buss.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka vert oppdatert.