Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Brann raskt sløkt i bustadhus

Kjappe reaksjonar frå folk som kom til gjorde at ein branntilløp i eit bustadhus i Hornindal tysdag kveld vart sløkt før det vart gjort særleg skade.

Eigaren hadde plassert ei bøtte med oske utanfor huset, men oska bles ut og det tok fyr i bordkledninga. Brannen vart tidleg oppdaga og sløkt av folk som kom til, og då brannvesenet kom til plassen kontrollerte dei berre at det ikkje var fare for at brannen skulle ta seg opp att.


Ein førar vart stoppa i Førde onsdag ettermiddag mistenkt for å vere ruspåverka under køyring. Blodprøve sikra, førarkort kverrsett. Også i Stryn vart ein bilførar stoppa mistenkt for promillekøyring, det vart sikra blodprøve.

Seks sjåførar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll på rv15 på Totland i Vågsøy tysdag. Høgste fart i 80-sona var 95 km/t. I Florø var det kontroll på i 80-sona på Knapstad og fire førarar fekk forenkla førelegg. Her var høgste farta 94 km/t

I ein promillekontroll i Dale sentrum i Fjaler, vart 42 førarar kontrollerte. Ingen reaksjon.

Ved Alvera i Høyanger vart ein hjort påkøyrd i morgontimane onsdag. Han sprang vidare. Tysdag kveld vart ein hjort påkøyrd i Redalen i Naustdal. Viltnemda er varsla i begge tilfella.