Illustrasjonsfoto.

Brann i einebustad

Ein person er skadd etter å ha vorte redda ut av ein brennande einebustad i Skjolden i Luster torsdag ettermiddag, melder politiet.

NRK Sogn og Fjordane skriv at mannen var åleine i huset og at han vart frakta til sjukehus med helikopter etter å ha vorte henta ut av folk som kom til staden.

Politet melder at det ikkje er andre sakna i samband med brannen. Einebustaden er overtend. Litt over klokka fire melder politiet at brannvesenet har kontroll på brannen, og at det ikkje er fare for at brannen skal spreie seg.

---

Ein person vart køyrt til legevakt for sjekk etter at to bilar var involverte i eit trafikkuhell på Måløybrua i tolv-tida torsdag. Det var fire personar til saman i bilane. Naudetatane rykka ut, og politiet opprettar sak. Den eine bilen skal ha køyrt inn i den andre bakfrå ved Spiralen på Måløysida av brua.

På Kinnvegen i Flora avslutta politiet ein åtferskontroll i tolv-tida. To personar fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte, ein person fekk bot for å bruke handhalden mobil

I ein tilsvarande kontroll i Fv55 i Gaupne fekk ein person gebyr for ikkje å ha med førarkortet. Dei andre 74 førarane som vart kontrollerte kunne køyre fredeleg vidare.

Det kunne også dei 209 førarane som vart stoppa og kontrollert for promille i Florø torsdag føremiddag. Det var ingen utslag og ingen reaksjonar.

---

Fire sjåførar fekk forenkla førelegg under ein trafikkontroll i Eikefjord onsdag kveld. Høgste fart var 108 km/t i 80-sona.

I går kveld var politiet to gongar ute og snakka til rette sjåførar i Naustdal. I ni-tida vart det rapportert om ein bil som tidvis var over i motsett køyrefelt, politiet fann sjåføren og gav han ei åtvaring.

Ein time seinare får ein mannleg bilførar munnleg åtvaring for formålslaus køyring i Naustdal sentrum.

På Kvamsøy i Balestrand vart ein hjort påkøyrd. Bilen fekk mindre skader i samanstøyten, og lokal ettersøksring vart varsla for å finne hjorten.

Elles minner politiet om at det frå 1. mars til 31. mai er våpenamnesti i Noreg, og at alle som har ulovlege våpen av ulike grunnar, kan levere dei politiet å få ting i lovlege former, utan å verte straffa for brot på våpenlova.

---

Eitt vogntog fekk gebyr på kr 3000 for manglende vinterdekk etter ein kontroll Statens vegvesen hadde på Lefdal i Eid onsdag ettermiddag.