Ordføraren var så mållaus at han nesten ikkje klarte å smile

Brakval for Sp i Jølster

Ordførar Oddmund Klakegg og Sp kunne i natt notere seg for eit historisk resultat. Med 12 mandat er dette det beste valet nokon sinne for Sp i Jølster.


Saman med Sv, som fekk to mandat som sist, sikra dei to samarbeidspartia seg reint fleirtal. Taparane vart først og fremst Ap, V og Krf som alle mista eitt mandat. Høgre kom ut med tre, som sist.

Vart mållaus
- Det er sjeldan eg blir mållaus, men i kveld vart eg faktisk det, sa Oddmund Klakegg etter å ha registrert over 46 prosent av stemmene til partiet sitt.
Sjølv med eit solid valresultat i ryggen, var det ein audmjuk ordførar vi møtte, ein ordførar som var oppteken av at valet hadde både taparar og vinnarar.
- Vi vil gjere vårt for å få til eit kommunestyre som fungerer, og vi lukkar ingen dører, svara Oddmund Klakegg på spørsmål om det kan bli aktuelt å ta fleire inn i koalisjonen. Dermed signaliserte han at det ikkje blir snakk om politisk maktmisbruk, men heller freistnad på å bygge breiast mogeleg aliansar i det nye kommunestyret.
- Vi vil føre konstruktiv debatt og konstruktiv politikk, var bodskapen frå den suverene valvinnaren.
Tok tapet med fatning
- No blir det einevelde, var Judith Kapstad (V) sin første reaksjon etter at valresultatet var klart. Men ho var klar på at det er veljarane som bestemmer og at det skal respekterast. Kapstad trudde elles at kommunereforma var mykje av grunnen til at det gjekk som det gjekk i Jølster, og at det manglar ein del på det ho kalla folkeopplysning i den saka.
Ap, på si side ville ikkje snakke om einevelde og både Ragnhild Sæle og Siv K. Hestad smilte tappert då vi snakka med dei. Men at dei var skuffa, klarte dei ikkje å skjule.
Andres Kristian Sægrov (H), var svært skuffa og såg føre seg ei fire år lang ørkenvandring utan å få gjennomslag for ei einaste sak, som han sa.
- Jølstringane vil ikkje ha endringar, var hjartesukket frå Høgre sin førstekandidat.

Gratulantane sto i kø då Oddmund Klakegg endeleg synte seg etter at valresultaytet var klart.