Bondelaget skrotar den tradisjonelle bondefrukosten for politikarane i oppløpet til jordbruksforhandlingane. Årsaka er den nye inntektsberekninga for bøndene. Her frå ein protest utanfor Stortinget 4. april. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Bøndene skrotar frukost for politikarane i protest mot ny jordbrukspolitikk

Politikarane kan gløyme å bli servert frukost i forkant av jordbruksforhandlingane, seier Bondelaget, som rasar mot den nye inntektsberekninga frå regjeringa.

Dei siste ti åra har Bondelaget invitert stortingspolitikarane på ein tradisjonell bondefrukost på Eidsvoll plass som ei oppkøyring til jordbruksforhandlingane. Men i år står kjøleskapa tomme.

– I år har vi avlyst bondefrukosten, vi har avbestilt scene, lyd, appellantar og matbestilling, opplyser Bondelaget onsdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ikkje lyst å by på frukost når næringskomiteen på Stortinget serverer ei innstilling som ikkje tek omsyn til realitetane når bondeinntekta skal målast.

Avlysinga skjer etter at regjeringa torsdag førre veke sikra seg fleirtal for ny landbrukspolitikk for korleis inntekta til bøndene skal bereknast. I berekninga blir det mellom anna lagt opp til at bøndene skal jobbe 145 timar meir enn andre i året.

– Auka bondeinntekt er ein føresetnad for auka sjølvforsyning, seier Bondelaget, som onsdag formiddag held ein protest utanfor Stortinget.

– Tomme kjøleskap kan bli realiteten dersom metoden for å berekne inntektene i landbruket ikkje speglar situasjonen for bonden betre. (©NTB)