Bondelaget vil rekruttere fleire unge bønder
Norges Bondelag vil at fleire unge skal satse på matproduksjon som leveveg. Dei vil gi dei ein betre økonomisk start, vere mentor og gi gode råd på vegen.
– Utan nye bønder når vi ingen mål om verken beredskap eller auka sjølvforsyning. Konkurransen om arbeidskrafta aukar, og då må landbruket vere ein attraktiv leveveg for unge og kvinner. Kravet frå jordbruket har ei ekstra satsing på unge og nye bønder – heilt i tråd med innspela vi har fått frå lokallaga våre, skriv Bondelaget på nettsidene sine.
Bondeorganisasjonane vil ha eit nytt etableringstilskot for unge bønder, med formål å stimulere til overdraging av landbrukseigedom og betre likviditeten for nye bønder. Tilskotet skal gjelde nye produsentar og bli utbetalt i første driftsår. Dei vil at tilskotet skal vere som eit flatt eingongstilskot på 50.000 kroner til nye produsentar under 35 år, og dobbel sats for unge bønder i Nord-Noreg der rekrutteringa er svak.
Betre sosiale vilkår har vore ein prioritet i jordbruksforhandlingane dei siste åra. Sikringsnettet til bonden i form av velferdsordningar er og har vore viktig for unge som skal inn i næringa, og bønder elles, meiner Bondelaget.
Mentorordninga i landbruket blir trekt fram som viktig for mange unge bønder. Målet med ordninga er å hjelpe unge produsentar med kompetanseheving gjennom personleg rettleiing i ein oppstarts- eller utviklingsfase.
Norsk landbruksrådgiving melder at dei får fleire søkjarar enn dei kan tilby plass i mentorordninga, og det er sett av midlar til styrking av mentorordninga i kravet frå jordbruket. (©NPK)