Bollestad skyv jordbruksoppgjeret over på ny regjering

Olaug Bollestad var på gardsbesøk på Hauge i Gloppen i valkampen.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) opplyser fredag ettermiddag at landbruksoppgjeret må sluttførast på eit seinare tidspunkt.

– Regjeringa starta tilleggsforhandlingar med sikte på å bli samde med jordbruket om ein kompensasjon for auka kostnader. I lys av det komande regjeringsskiftet, meiner eg det er ryddigast at forhandlingane blir sluttførte på eit seinare tidspunkt i eit så viktig spørsmål som inntektsmoglegheitene til bonden, seier Bollestad.

Avgjerda om å utsetje forhandlingane har vorte kunngjort partane i jordbruksoppgjeret. I grunngivinga blir det vist til at det stor uvisse om kostnadsutviklinga framover og den politiske situasjonen.

(©NPK)