Blodraude tal for ferjegiganten Norled
Ferjeselskapet Norled tapte nesten 900 millionar kroner etter skatt i 2025. Det er det andre året på rad med blodraude tal.
Også i 2024 tapte ferjeselskapet store summar, og det er det grøne skiftet som får skulda. No ber selskapet om at det offentlege må ta ein større del av risikoen, skriv Dagens Næringsliv.
Selskapet driftar nærare 80 ferjer over heile landet, blant dei Noregs travlaste ferjesamband for passasjertrafikk mellom Oslo og Nesodden.
– Reiarlaga kan ikkje åleine bera risikoen knytt til energiomstillinga, seier konsernsjef Marianne Frøystad Ånestad.
Den canadiske eigaren – investeringsfondet CBRE – har gått inn med krisehjelp: 450 millionar kroner i 2025, og seinast 250 millionar kroner i april i år.
Reiarlaget meiner at tapa kjem av milliardinvesteringar i batteri- og hydrogenteknologi. (©NPK)