Blå Kors i Kristiansand vil opprette eit fond for at også ungdom frå vanskelegstilte familiar skal få ein fin konfirmasjonsfest. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Blå Kors vil opprette konfirmasjonsfond

Organisasjonen Blå Kors i Kristiansand vil opprette eit fond for å hjelpe konfirmantar som veks opp i vanskelegstilte familiar med dårleg økonomi.


– Unge i fattige familiar gruar seg til konfirmasjonen, fortel marknadsansvarleg Henning Reme i Blå Kors Kristiansand til Vårt Land.


Han peikar på at mange konfirmantar i slike familiar ikkje kan dele den same gleda og forventningane til ein stor fest med rause gåver slik mange andre konfirmantar ser fram til.


Til Fædrelandsvennen, som skreiv om saka først, seier Reme at dette eit tabu som Blå Kors meiner det er viktig å rette søkjelyset på.


For at ungdom i låginntektsfamiliar skal få ein fin konfirmasjonsfest, ønskjer organisasjonen å opprette eige fond. Tanken er at sårbare familiar gjennom ei slik teneste til dømes kan få hjelp til å skaffe klede til konfirmanten, selskapslokale og konfirmasjonsgåver.


– Vi ønskjer å leggje til rette for verdige markeringar, ikkje berre dele ut pengar, seier marknadssjefen.


Varaordføraren i Kristiansand helsar tiltaket velkomen og ser ikkje bort frå at kommunen kan vere med på eit spleiselag. Målet er at konfirmasjonsfondet skal vere på plass til hausten 2020. (©NPK)