BKK ankar til Høgsterett

BKK ankar lagmannsretten sin dom i SFE-saka. Samtidig konstaterer BKK at forkjøpsrett framleis er eit ope spørsmål etter dommen, dersom kontrollen i Sogn og Fjordane Holding vert overført til eit fond, skriv det bergensbaserte selskapet i ei pressemelding.

Lagmannsretten slår fast at oppretting av eit fond som eventuelt er kontrollert av representantar frå Sogn og Fjordane kan utløyse forkjøpsrett.

- Dommen frå Gulating lagmannsrett gir derfor inga avklaring som sikrar Sogn og Fjordane kontroll over SFE-aksjane etter fylkessamanslåinga med Hordaland den 1. januar 2020, seier Jarle Hodne, konstituert konserndirektør Kommunikasjon i BKK.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i Gulating lagmannsrett medhald i at fylket kan overføre deler av eigarskapen sin i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunar i fylket, utan at det utløyser forkjøpsrett.

- Vi har ikkje noko imot at aksjane i SFE blir delte ut til kommunar i Sogn og Fjordane. Det viktige for oss er at det ikkje skal vere ei avgrensing i omsetning av aksjane, understrekar Hodne.

Premissane for dommen i lagmannsretten inneheld ei rekkje vurderingar av stor interesse for eigarskapen i SFE.

- Lagmannsretten slår fast at forkjøpsrett vil gjelde ved sal av aksjar i Sogn og Fjordane Holding. Dette gir ei klar avgrensing for kva fylkeskommunen kan gjere vidare med overføring av eigarskap og styring i SFE, seier Hodne.

- Feil å bruke domstolen som utgreiingsorgan

BKK har gått grundig gjennom dommen frå lagmannsretten, og  peikar på eit prinsipielt spørsmål som Høgsterett bør vurdere, og som kan ha betydning for andre saker.

- Vi ankar fordi heile saka skulle ha vore avvist frå behandling i domstolane. Etter vår meining brukar fylkeskommunen domstolane som eit utgreiingsorgan, seier Hodne.

- Fylkeskommunen har aldri lagt skjul på at heile poenget med å bruke eit holdingselskap for å overføre verdiane i SFE til kommunane i fylket, er å omgå avtaler dei tidlegare har inngått om forkjøpsrett. Med dette vil fylkeskommunen avgrense framtidig omsetning av aksjane, samtidig som dei kan behalde kontrollen og styringa med SFE. Dette reduserer verdien av selskapet, både for BKK og dei andre aksjonærane i SFE, seier Hodne.