Hunden Miss er ofte med Bjørn Kåre på turar og likar seg godt i fjellet.

Bjørn Kåre sitt ferieparadis er heime på Hestenesøyra

Namn: Bjørn Kåre Eikenes


Alder: 54 år


Sivil status: gift med Janne, har to born


Bustad: Eikeneset på Hestenesøyra


Yrke: jobbar på elektroavdelinga ved Brødrene Aa


 

Kva er din favorittaktivitet i ferien?

– Eg likar godt å gå på turar, noko det blir ein del av om sommaren. Eg har sju hus å halde ved like, så aktivitetane blir også litt deretter.

Kva blir høgdepunktet i sommar?

– Eg skal til Herøy på Helgelandskysten for å jakte rådyr. Det blir nok høgdepunktet. Dersom det blir fint vêr, har vi også planar om å gå ein fjelltur på Møre, på eit fjell som heiter Dalegubben.

Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?

– Då ville eg først tatt dei med meg til Lothebutikken på Hestenesøyra. Der står butikken som han har gjort dei siste hundre åra, og han er godt vedlikehalden. Dersom turfølgjet er i form til det, ville eg gått til Eikeneshesten, som eg meiner er det finaste fjellet i heile Gloppen. Skjerdalsbotnen måtte eg også ha vist fram. Det er ein veldig fin plass.

Kva meiner du er den beste sommarmaten?

– Sprøsteikt fjellaure med brødskive, meierismør og rømme. Dersom eg skulle hatt dessert til, måtte det blitt rabarbragraut med vaniljesaus.

Kvar er ditt ferieparadis og kven vil du ta med dit?

– Ferieparadiset mitt er i grunn her heime. Når det er fint vêr, kan eg ikkje tenkje meg ein flottare plass å vere i lag med familien min og hunden Miss.

Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?

– Eg er veldig glad i is. Til Janne sin store frustrasjon, er det stadig vekk tomt for is i frysaren. Eg kosar meg ofte med is seint om kvelden.

Favoritt dialektord eller-uttrykk?

– Kollegaane mine ville nok sagt at eg brukar uttrykkjet «forbannja apekattar» mykje. Det blir flittig brukt, spesielt om politikarar og regjeringa. I ein litt meir humoristisk tone, blir uttrykkjet også brukt om kollegaer.

Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?

– Når eg er heime blir det mykje Pepsi Max, gjerne halvfrosen etter ein tur i frysaren. Det er heller ikkje mykje som slår iskaldt fjellvatn.

Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?

– Det trur eg må vere første gong ein slår plenen og kjenner lukta av nyslått gras. Eg ser helst at ein slepp tjukkegensar og hue når ein slår.

Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?

– Då ville eg hatt med meg Janne, hunden og nokre barneborn eg enno ikkje har. Eg gler meg veldig til å få barneborn. Ein kamerat på jobb har to barneborn, og eg er litt misunneleg på han.

Kva for musikk får deg i godt humør?

– Eg likar mykje forskjellig musikk. Om eg skal bli i godt humør, høyrer eg på Vazelina Bilopphøggers og Øystein Sunde. Norske artistar med humoristiske tekstar får meg i godt humør.

Kvar tar du helst ein dukkert?

– Eg er ikkje veldig glad i kaldt vatn. Vi har laga eit tjern på Eikenesstøylen. Når eg går opp der om kveldane og er sikker på at det ikkje kjem folk, vrenger eg av meg kleda og tar ein dukkert.

Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?

– Det er få ting som slår ein sein sommarkveld på stølen. Det er flott. Ein frukost der oppe er heller ikkje feil, men å sjå solnedgangen frå stølen er det flottaste.

Kva drøymer du om?

– Eg drøymer om å reise til Canada og jakte elg.

Kven vil du sende ei sommarhelsing til?

– Eg er onkel til eit knippe flott ungdom, og eg vil gjerne sende ei helsing til dei. Sjølvsagt vil eg helse til resten av familien òg. Eg vil sende ei spesiell helsing til Nikisha, som har hatt det tøft ein periode. Ho ønskjer eg alt godt, og eg håpar det går bra med henne.